KICK-fotball (kunnskapsintegrasjon i ei klynge/knowledge integration in a cluster)

Prosjekteigar

Høgskulen på Vestlandet, Institutt for idrett, kosthald og naturfag

Prosjektperiode

August 2014 - Juli 2020

Prosjektsamandrag

KICK er eit forskings- og utviklingsprosjekt som handlar om å skapa, dela og integrera ulike kunnskapsformer i fotball. Prosjektet er utvikla av det idrettsvitskaplege miljøet ved Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. Det vert gjennomført på Campus Sogndal (Fosshaugane Campus), som er ein kompakt arena for klyngebasert læring. Her møter forskarar, studentar, trenarar, spelarar, leiarar og teknologar kvarandre dagleg for å driva fram utviklingsprosessar i fotball.

KICK-studien er sett saman av delprosjekt: (1) Trening og prestasjonsanalyse, (2) kamp- og spelaranalyse, (3) læring og kommunikasjon, (4) utdanning, helse og samfunn, (5) teknologi og innvosjon. Målet er å skapa ei integrert kunnskapsutvikling i fotball.