Lærar for ein dag
Eit konsept som kombinerer on-, off-campus-aktivitetar og utvikling av nye praksisar i fleksible lærarutdanningar
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjektperiode
Januar 2016 - Desember 2017
Finansieringskjelder
Diku
Totalbudsjett
800000 NOK
Prosjektsamandrag
Lærarutdanninga har det siste tiåret vore utsett for omleggingar. Endringane fører til at noko blir nettbasert og noko vert deltidsstudium. Når me hybridiserer utdanningane må me tenkja nytt mellom anna omkring korleis me organiserer t.d. on- og off- campus-aktivitetar, og utvikla nye praksisar og ressursar.
Studentane vil ikkje koma til campus for å delta på tradisjonelle einvegs-førelesingar som kunne vore distribuert via nettet. Men dei vil koma til campus for å ta del i meiningsfylte og lærerike aktivitetar. I "Lærar for ein dag" ønskjer me å kombinera on- og off-campus aktivitetar, og utvikla nye praksisar i fleksible lærarutdanningar.
«Lærar for ein dag» tek utgangspunkt i emnet «Pedagogikk og elevkunnskap (15 sp)». Gjennom arbeid med innhald og aktivitetar som støttar læringsutbytteskildringane utviklar me samstundes ein metodikk som kan vera overførbar til den nettstøtta lærarutdanninga.
For å lukkast med prosjektet vil me gjennomføra følgjande aktivitetar:
- Utarbeida autentiske og realistiske case frå praksisfeltet. Desse skal visualiserast godt.
- Case/scenario skal setjast i ei ramme/portal.
- Case og portal skal vera ein pedagogisk ressurs for LU-læraren.
- Kontinuerleg refleksjon blant dei involverte i prosjektgruppa (praksisfeltet, LU og det pedagogiske IKT-miljøet) om korleis me utviklar nye tidsriktige praksisar for nettstøtta lærarutdanning.