Kvardagssamtalar

På denne nettsida er vi særleg interesserte i kvardagssamtalar som er spontane, eller uplanlagde – samtalar av det slaget vi har kvar dag i alle typar kvardagssituasjonar.

I barnehagen og på skulen kan desse samtalane handle om naturvitskap når vi går på tur, eller når vi berre observerer naturen rundt oss. Tenk deg at ei gruppe barnehagebarn eller barneskuleelevar går på tur i nærmiljøet eller utforskar naturmaterialar eller ein småkryp. Barna vil kommentere på det dei observerer, og dermed ta initiativ til ein samtale som den vaksne kan respondere på. Alternativt kan den vaksne observere noko og prøve å setje i gang ein samtale ved å stille eit spørsmål eller kome med ein kommentar. Initiativet i samtalen vi ser nærare på, kan altså kome frå eit barn, eller det kan kome frå læraren. Poenget er at det blir teke initiativ til ein ikkje-planlagd samtale, og at dette ofte blir løyst ut av observasjonar og påfølgjande undring, og kanskje også spontane forslag til forklaringar. 

Det vil sjølvsagt vere nokre utfordringar som er knytte til slike kvardagssamtalar. I dei fleste tilfelle vil den vaksne ha mange initiativ frå barna å svare på, og det er også mange ikkje-verbale initiativ å ta omsyn til. Likevel kan situasjonar der barn og vaksne kan observere noko saman og snakke om det, vere svært verdifulle. 

Andre markelappar for uplanlagde samtalar

På denne nettsida legg vi vekt på uplanlagde samtalar. Andre omgrep for denne typen samtalar er tilfeldig prat, spontan prat eller uformell prat. Dei uplanlagde samtalane er motstykket til samtalar der den vaksne har planlagt å ta eit initiativ til å prate med eit barn eller ei gruppe barn om noko bestemt. Dei fleste klasseromssamtalar på skulen høyrer til denne kategorien. Denne typen samtalar blir ofte kalla planlage, ikke-spontane, medvitne eller formelle.