Utforskande samtalar

Utforskande samtalar er kjenneteikna av opne, autentiske spørsmål, ikkje-vurderande svar og oppfølgingsspørsmål og -kommentarar.

Utforskande samtalar blir ofte sett på som eit motstykke til det som blir kalla IRE-samtalar. IRE-samtalar er strukturerte som eit initiativ frå læraren, ein respons frå barnet og ei evaluering av svaret frå læreren igjen.