Finne fram til naturvitskaplege emne og moglege måtar å utforske dei på

Prøv å finne ut korleis miljøet kan invitere barna til å utforske. Ver merksam på den rike tilgangen til naturvitskaplege emne i læringsområde i nærmiljøet og korleis dette kan bidra til leik og læring for barna. Dette handlar om å sjå tilbodet i nærmiljøet.

I denne oppgåva kan du øve opp observasjonsferdigheiter og evna til å sjå potensialet i situasjonar og miljø. Dette kan vere første steg for å finne fram til relevante naturvitskaplege emne som kan vere interessante for di målgruppe. Det andre kan vere å prøve ut måtar å snakke på når du vil svare på interessene til barna, og du kan øve på å snakke om natur og naturvitskap saman med barna innandørs eller utandørs. 

 

Steg 1: 

Begynn med å tenkje for deg sjølv i nokre minutt. Tenk på kor mange ting ein kan snakke om og utforske i ein park, på ei strand, ved ei bru over ei elv eller i eit skogområde i nærleiken av der du bur, eller utanfor skulen eller barnehagen. Kanskje vil du begynne med å sjå ut vindauget i ein barnehage i byen. 

 

Steg 2: 

Observer miljøet rundt deg, vel eit emne og skriv i to minutt. Skildre relevante observasjonar i miljøet som er knytte til emnet. Diskuter med ein medstudent eller kollega dersom det er mogleg. 

 

Du kan bruke bileta i denne oppgåva og diskutere i gruppa (eller skrive for deg sjølv): 

  • Finn moglege naturvitskaplege emne (vel eit bilete). 
  • Kva kan vere interessant å utforske saman med di gruppe av barn (skule/barnehage). (Vel eitt emne, eller nokre få, og ta dei føre deg eitt og eitt.)
  • Føreslå eit første steg for dette emnet i ein utforskande aktivitet (knytt til målgruppa). 
  • Korleis kan du rette medvitet til barnet mot emnet? 
  • Kva for produktive og inviterande spørsmål kan du stille? 

Drøft utforskingsaktivitetar du kan gjere med eit barn, eller ei gruppe barn, basert på arbeidet ditt i steg 1 og 2. 

 

Sjå desse filmane om naturvitskap overalt. Kva for emne kan de utforske? Stopp videoane kvar som helst og lag ei liste over moglege emne på den valde tida og staden.