Sei ifrå om bygg, rom og inneklima

Servicetorget kan hjelpe deg med å seie ifrå om forhold knytt til bygg, rom og inneklima på HVL.

For å seie ifrå om forhold knytt til bygg, rom og inneklima ved HVL, må du ta kontakt med servicetorget. Sei Ifrå-meldinga bør vere så detaljert som mogleg, slik at den vert lettast mogleg å følgje opp. Ta med kva campus saka di gjeld, kor på campus, romnummer og liknande. 

Servicetorget er tilgjengeleg for deg gjennom sentralbord, e-post og i skranken på kvar campus. Dei vil melde saka di vidare til driftsavdelinga, som tek stilling til din tilbakemelding og løyser han om mogleg.

Servicetorga på campusane

Servicetorget er førstelinjetenesta til HVL, og her er du alltid velkommen. Du kan spørre om det meste, og kan vi ikkje hjelpe deg, veit vi som oftast kven som kan. Les meir om Servicetorget.

Finn fram på campusane

I appen Mazemap får du hjelp til å finne fram på campusane våre. Du kan laste ned appen på App Store og Google Play

Klikk for detaljert informasjon for alle campusane.