Sensur i WISEflow

HVL gjennomfører digital vurdering i eksamenssystemet WISEflow. All sensur blir registrert digitalt.

Du loggar inn på wiseflow.hvl.no med ditt HVL brukarnamn og passord (Microsoft). Har du ikkje HVL brukarkonto, kan du logge inn med ID-porten. 

Logg inn i WISEflow

 

Registrering av karakter og ikkje møtt i WISEflow

 

I WISEflow får du tilgang til plagieringsrapport av alle oppgåvene gjennomført av Inspera Originality. Rettleiing til Inspera Originality her (på engelsk).

Sensur skal førast direkte i WISEflow og sendast inn derifrå for publisering. Når du sender inn sensuren blir dette registrert som din digitale signatur og protokollført. Det er difor viktig at kvar enkelt sensor registrerer og sender inn sine vurderingar.

Du kan bruke Wiseflow sitt sensorverktøy for å lese oppgåvene digitalt. Her kan du legge inn kommentarar direkte i studenten sin tekst. Du kan sjølv velje om du ønskjer å gjere kommentarane synlege for studenten og eventuelle medsensorar, eller om dei berre er til eige bruk. Utfyllande rettleiingar for sensor i WISEflow

Du kan laste ned besvarelsane og sensurere på papir/offline om du ynskjer det. Sjå rettleiing for offline vurdering her. For å skrive ut fleire filer på ein gong må du pakke ut zip-fila, markere filene (ulike filtypar kvar for seg), høgreklikke, velgje "vis fleire alternativ" og "skriv ut". 

Slik gir du grunngjeving til studenten i WISEflow. 

Slik handsamar du klager på karakterfastsetting i WISEflow. 

Meir nyttig informasjon til sensorar ved HVL.

 

Har du spørsmål?

Treng du hjelp eller har spørsmål om eksamen har Mime, den virtuelle assistenten til HVL, svar på mykje, men kan òg sende inn ei sak for deg. Skriv "eksamen" eller det du lurer på for å starte samtalen. Du finn Mime nede til høgre på nettsida. Du kan også sende e-post til eksamen@hvl.no. Skriv då studentnummer og emnekode i e-posten.