Publisering av oppgåver

Ønskjer du å gjere bachelor- eller masteroppgåva di tilgjengeleg for andre? Vi tilbyr publisering i Nasjonalt vitenarkiv (NVA).

Å få publisert oppgåva di kan vere nyttig i jobbsøkjarsamanheng. I ein CV eller jobbsøknad kan du leggje ved lenke til oppgåva di. 

Du svarer ja eller nei til publisering når du leverer bachelor- eller masteroppgåva di. HVL publiserer bacheloroppgåver med karakter A og B, og alle masteroppgåver som er bestått. 

Framgangsmåte og avtalevilkår

For å få publisert oppgåva di i NVA, svarar du ja til at du godkjenner denne avtalen om publisering når du leverer oppgåva i WISEflow. 

Avtalevilkår for publisering 

Biblioteket publiserer oppgåvene fortløpande etter at sensur er gitt. Har du spørsmål kring dette kan du kontakte studentoppgaver-nva@hvl.no

Dersom du ønskjer å publisere oppgåva di på eit seinare tidspunkt, gjer du følgjande: 

  • Send ein e-post til studentoppgaver-nva@hvl.no.
  • Skriv at du ønskjer publisering, og gi beskjed om at du godtar avtale om publisering.
  • Hugs å legge ved oppgåva. Send gjerne med emneord og samandrag dersom dette ikkje er med i fila.

 Om skriving og innlevering av oppgåver


Har du spørsmål?

Kontakt oss på studentoppgaver-nva@hvl.no.