Rettleiing om personvern i studentoppgåver
I studentoppgåver det viktig at all behandling av personopplysningar (til dømes innhenting, registrering, lagring og analysering) blir gjort på riktig måte. Under finn du ei sjekkliste som kan vere til hjelp i arbeidet med å sjekke om det er personopplysningar i oppgåva og om dei er behandla på riktig måte. Lista er ikkje uttømmande. Har du spørsmål, ta kontakt med emneansvarleg eller rettleiar på oppgåva.
Inneheld oppgåva intervju, spørjeskjema eller datasett?
- Korleis er desse data henta inn? Er dei anonyme eller anonymisert? Er dette skrive om i oppgåva?
- Er det samla inn personopplysningar, som intervju eller spørjeskjema som ikkje er anonymisert, skal dette vere meldt inn til Sikt og det skal ligge ved meldeskjema frå Sikt i oppgåva.
- Anonymisert i ettertid: Er personopplysningene anonymisert etter at dei blei henta inn, er dette behandling av personopplysningar. Då skal dette også vere meldt til Sikt før innsamling av data og meldeskjema skal ligge ved i studentoppgåva.
- Anonyme data: Er det ikkje henta inn personopplysning, er det ikkje naudsynt med innmelding til Sikt.
- Døme: Intervju utan opptak, berre tatt notat, eller anonym spørjeundersøking utan innhenting av personopplysningar, som til dømes namn, e-postadresse eller IP-adresser.
- Ved innsamling av anonyme data i spørjeskjema, må "Anonym undersøking" i SurveyXact nyttast, då den ikkje samlar inn IP-adresser og på den måten sikrer at undersøkingane er anonyme.
- Ved innhenting av anonyme data, treng ein ikkje å innhente samtykke, men det er likevel viktig å informere personar om kvifor du samlar inn opplysningar, som til dømes formålet ditt og at det er ei anonym spørjeundersøking.
Inneheld oppgåva personopplysningar som inngår i særlege kategoriar?
Til dømes politisk oppfatning, religiøs eller filosofisk oppfatning, rase eller etnisk bakgrunn, helseopplysningar, opplysningar om straffbare handlingar, medlemskap i fagforeiningar, seksuell orientering eller seksuelle forhold eller genetiske og biometriske data?
-
- Innsamling av særleg kategoriar personopplysningar skal meldast inn til Sikt og meldeskjema skal ligge som vedlegg i oppgåva.
- Særleg kategoriar personopplysningar skal vere lagra i SILAF, HVL sin forskingsserver.
- Studenten skal ha gjort en forskingsetisk vurdering rundt bruk av denne type personopplysningar.
Blir det behandla helseopplysningar i oppgåva?
Til dømes fysisk og mental helse, noverande, tidlegare eller framtidige helseforhold, samt psykososial helse, skal oppgåva vere vurdert av REK, ev. må det ligge føre ei framleggingsvurdering som viser at prosjektet ikkje er omfatta av helseforskingsloven. Prosjektet skal uansett meldast inn til Sikt.
-
- Skal ligge ved vurdering frå REK og meldeskjema frå Sikt i oppgåva.
- Personopplysningane skal berre vere lagra i SILAF, HVL sin forskingsserver.
- Studenten skal ha gjort ei forskingsetisk vurdering rundt bruk av denne type personopplysningar.