Brukarkonto
Som HVL-student får du tildelt ein brukarkonto og e-postkonto til høgskulen sine datatenester. Kontoen er knytt til Feide.
Brukarkontoen din brukar du til innlogging på HVL sine system, som studentepost, læringsplattformen Canvas, trådlaust nettverk, Office365 med meir.
Viktig informasjon frå HVL blir sendt til denne e-postadressa, og du er pliktig til å sjekke han jamnleg.
HVL har tatt i bruk multifaktorpålogging, og du må aktivere multifaktor på kontoen din ved førstegangspålogging.
- E-postadressa di er dittstudentnummer@stud.hvl.no.
- Brukarnamnet ditt er studentnummeret ditt.
- Studentnummeret finn du i Min profil på Studentweb.
- Pinkode har du fått tilsendt på SMS før studiestart.
Aktivere konto
For å ta i bruk HVL-brukarkontoen/feidekontoen din må den aktiverast. Det gjer du ved å logge på https://konto.hvl.no og lage deg eit passord. Du loggar på med brukarnamn (studentnummer) og pinkode.
Passord
Passordet skal ha ein kombinasjon av bokstavar og tal, og må innehalde minst 9 teikn. Dersom du tastar feil passord så mange gonger at kontoen din blir låst, vil kontoen låse seg opp igjen av seg sjølv etter ca. 10 minutt, og du kan prøve igjen.
Korleis loggar du på med Feide?
Bruk av Feide for innlogging
Feide er den nasjonale løysinga for trygg innlogging og deling av data i utdanning og forsking. Med ein Feide-brukar kan studentar, elevar, forskarar og undervisarar bruke eitt brukarnamn og passord for å logge inn på ei rekkje digitale tenester utan å måtte hugse fleire brukarkontoar.
Innlogging
Du skal logge inn med ein av følgjande metodar:
-
Microsoft arbeids- eller skulekonto
(bruk student- eller tilsett-e-post frå Høgskulen på Vestlandet) -
ID-porten
(til dømes MinID, BankID eller liknande – merk at dette alternativet ikkje fungerer for nokre tjenester)
Gløymt passord/pin
Dersom du har gløymt passordet ditt, kan du lage eit nytt ved å logge på https://konto.hvl.no med brukarnamn (studentnummeret ditt) og pinkode. Du kan ikkje velje eit passord som du har brukt tidlegare.
Dersom du har glømt pin koden kan du lage ny på studentweb på linken her: Studentweb (Det tek om lag ein time før den nye PIN-koden er aktiv.)
NB: Logg inn med ID porten (bankID).
Klikk på namnet ditt oppe i høgre hjørnet.
Klikk på min profil.
Gå ned på siden til du kommer til kontoadministrasjon. Der kan du endre PIN.
Husk og trykke lagre endringer nederst på siden.
Avslutning av konto
Brukarkontoen din blir sperra 90 dagar etter fullført studieløp, eller etter at du av andre grunnar avsluttar studiet. Du er ansvarleg for å kopiere ut data du vil ta vare på før studiet er avslutta og kontoen blir deaktivert.
Dersom du ønskjer å halde fram å bruke Office 365 og MS Office programvare som du har hatt tilgang til som student ved HVL, må du teikne eit nytt abonnement hos Microsoft.
Etter du har teikna ny lisens på din private microsoftkonto kan du finne brukarrettleiing for å overføre filene dine direkte til din private microsoftkonto under her:
Nullstille multifaktor
Nullstilling er nødvendig for å sette opp appen Microsoft Authenticator på ein ny mobil.
For nullstilling:
Send e-post til it-hjelp@hvl.no