Tilrettelegging av praksis

Har du behov for særleg tilrettelegging i praksis på grunn av til dømes funksjonsnedsetting, sjukdom, graviditet eller amming, eller spesielle behov som gjer at du ønsker praksis på særskilt stad?

Hugs å søke i tide! Sjå informasjon under "Søknadsfristar" nedanfor.

Ver merksam på at du ikkje er garantert tilrettelegging sjølv om du oppfyller eit av kriteria nedanfor. Mellom anna vil tilgjengelege praksisplassar på studiet ditt eller i klassen din og faglege omsyn vere styrande for kva som er mogeleg og ikkje.

Sjå utfyllande informasjon i Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet. All tilrettelegging skal gjerast innanfor  ramma av § 7-2.

Tilrettelegging og faglege krav

Tilrettelegging av praksis kan ikkje gå utover faglege krav og eventuelle progresjonskrav. Tilrettelegging kan berre verte innvilga om dei faglege krava for praksisperioden vert oppfylte.

Tilrettlegging kan innvilgast innanfor følgjande rammer:

  • Du må ha like mange praksisdagar/timar i veka som står i emneplan for praksis for den aktuelle praksisperioden.
  • Du må ha like mange undervisningstimar og rettleiingstimar som omtalt i emneplan/retningslinjer for praksis.
  • Tilrettelegginga kan ikkje gå utover samarbeid med praksislærar/rettleiar, faglærar og medstudentar.
  • Kva tilrettelegging som kan innvilgast er avhengig av kva praksisstaden kan tilby.

Tilbod om tilrettelegging i praksis vil kunne variere frå studieprogram til studieprogram og kan vere utfordrande å få til i enkelte geografiske område.

Tilrettelegging for særskilte behov

Dersom du har behov for særleg tilrettelegging i praksis på grunn av til dømes funksjonsnedsetting, sjukdom, graviditet eller amming, kan du sende søknad om tilrettelegging til oss.

Døme på særordningar kan vere fysisk tilrettelegging under sjølve praksisopphaldet eller tilrettelegging for å amme.

Vi kan ikkje pålegge praksisinstitusjonane å legge til rette for studentar med særskilte behov, men kan oppfordre til det innanfor rammene hjå den enkelte praksisinstitusjon. Høgskulen kan heller ikkje gje tilrettelegging som fører til ein reduksjon av dei faglege krava som vert stilt i den enkelte utdanninga.

Du må legge ved dokumentasjon frå lege, psykolog eller anna sakkyndig person når du søker. Dokumentasjonen bør gje døme på tilretteleggingstiltak som kan vere eigna. Sjå meir informasjon under "Krav til dokumentasjon ved søknad om tilrettelegging".

Praksis på særskilt stad – ved spesielle behov

Dersom du har spesielle behov som gjer at du ønsker praksis på særskilt stad, kan du søke om dette. Dette er berre aktuelt dersom du kan bli tildelt praksisplass der du må bu vekke frå studiestaden eller pendle over lengre avstandar.

Ved søknad om praksis på særskilt stad minner vi om at:

  • Utdanninga di har eit geografisk praksisfelt som legg føringar for kvar du kan ha praksis.
  • Noko pendletid må påreknast også for studentar som får innvilga praksis på særskilt stad.

Søknader om å gjennomføre praksis på særskilt stad blir tildelt innanfor ramma av § 7-2, og vurdert etter følgjande vilkår i prioritert rekkefølgje:

  1. åleineansvar for barn under 18 år
  2. eigen sjukdom eller diagnose som gir behov for praksis på særskilt stad
  3. dagleg omsorg for barn under 12 år
  4. funksjonsvanskar eller alvorleg sjukdom i nær familie
  5. toppidrettsstatus eller utøvar på landslaget
  6. utøvar i øvste divisjon i lagidrett
  7. enkeltutøvar på nasjonalt nivå
  8. studentar med deltidsverv i Studenttinget sitt arbeidsutval og studentar med verv som krev nærleik til campus, sjå pkt 3 og 8.2  samarbeidsavtalen mellom HVL og Studenttinget

Du må legge ved relevant dokumentasjon når du søker. Sjå meir informasjon under "Krav til dokumentasjon ved søknad om tilrettelegging"

Krav til dokumentasjon ved søknad om tilrettelegging

Dokumentasjonen skal vere frå lege, psykolog eller anna sakkyndig, og må innehalde informasjon om dei faktiske og konkrete ulempene du har grunna din tilstand eller medisinering. Det er viktig at det kjem fram av dokumentasjonen kva funksjonsnedsetting eller særskilt behov du har, og kva type tilrettelegging som kan være til hjelp for at du kan mestre studia betre. 

HVL føretrekker at lege eller anna helsepersonell fyller ut “Skjema for legeerklæring tilrettelegging av praksis” (lenke) som dokumentasjon. Anna utfyllande attest kan også brukast. Attesten må innehalde tilsvarende informasjon som omtalt i skjemaet.

Dokumentasjon for tilrettelegging ved særskilte behov: 
 

Dokumentasjonen må vise:

  • kva konkret ulempefunksjonsnedsettelsen/helseproblemet fører til i praksis
  • om studenten sitt behov for tilrettelegging er permanent/kronisk og av den grunn kan gi grunnlag for permanent tilrettelegging, og/eller om studenten er under behandling  
      

Ein diagnose gir ikkje automatisk rett til tilrettelegging. Det må dokumenterast at plagane er så store at det fører til ein reell ulempe ved gjennomføring av praksis.

For søknader om tilrettelegging på grunn av dysleksi, skal dokumentasjonen vere rapport frå utredning av lese- og skrivevanskar (ikkje legeerklæring). 

Behovet må dokumenterast for kvart semester studenten søker om tilrettelegging. Dette gjeld ikkje dersom studenten har fått innvilga permanent tilrettelegging.  

Lege eller anna helsepersonell fyller ut  “Skjema for legeerklæring tilrettelegging av praksis” (lenke) som dokumentasjon.  

Dokumentasjon for praksis på særskilt stad – ved spesielle behov.  

Nedenfor er oversikt over kva type dokumentasjon som skal brukast ved dei ulike kriteria for søknad praksis på særskilt stad:  

  1. Åleineansvar for barn under 18 år:  
  • Dokumentasjon på foreldreansvar. Dette finn du på f.eks. https://www.skatteetaten.no/. Du kan søke om attest eller ta skjermbilde av informasjon frå nettsida som bevis på ditt foreldreansvar.  Du kan bruke kopi av vedtak frå Nav.no om utvida barnetrygd eller overgangsstønad som dokumentasjon på at du er ålene med barn.  

2. Eigen sjukdom eller diagnose som gir behov for praksis på særskilt stad:  

3. Dagleg omsorg for barn under 12 år: 

  • Dokumentasjon på foreldreansvar. Dette finn du på f.eks. https://www.skatteetaten.no/. Du kan søke om attest eller ta skjermbilde av informasjon frå nettsida som bevis på ditt foreldreansvar. 

4. Funksjonsvanskar eller alvorleg sjukdom i nær familie:  

5. Toppidrettsstatus eller utøvar på landslaget:  

  • Dokumentasjon på toppidrettsstatus. Du kan skaffe dokumentasjonen ved å sende inn søknad om å få toppidretts status til Olympiatoppen region Vest - Norge. Les mer på nettsida Toppidrettsutøvar? - Høgskulen på Vestlandet (lenke). 

6. Utøvar i øvste divisjon i lagidrett:  

  • Gyldig stadfesting frå idrettslag/klubb. 

7. Enkeltutøvar på nasjonalt nivå:  

  • Gyldig stadfesting frå idrettslag/klubb. 

8. Studentar med deltidsverv i Studenttinget sitt arbeidsutval og studentar med verv som krev nærleik til campus, sjå pkt 3 og 8.2 i samarbeidsavtalen mellom HVL og Studenttinget:

  • Stadfesting på verv som krev nærleik til campus frå Studenttinget. 

Søknadsfristar

  • Om praksisperioden din startar i haustsemesteret, må du søke innan 1. april.
  • Er du førsteårsstudent og skal i praksis i første semester av studiet, må du søke innan 1. september.
  • Om praksisperioden din startar i vårsemesteret, må du søke innan 1. oktober.

Desse fristane gjeld både særskilt tilrettelegging på praksisstaden og søknad om å få gjennomføre praksis på ein særskilt stad.

Ved akutt oppståtte situasjonar, kan du søke fortløpande. 

Dersom du søker på bakgrunn av at du har barn, kronisk sjukdom eller andre kriterier som varer heile studietida, kan du søke for heile studietida.

Om du søker på bakgrunn av behandling, verv eller toppidrett kan du søke for inntil to semester om gangen.

Hugs å legge ved relevant dokumentasjon når du søker. Sjå meir informasjon under "Krav til dokumentasjon ved søknad om tilrettelegging"

Slik søker du - lenke til digitalt søknadsskjema

For å kunne sende inn søknad, må du vere pålogga med høgskulekontoen din. Namnet ditt blir sendt inn saman med studentnummeret ditt. Du må òg ha klar dokumentasjon som du skal laste opp.

Søknader blir ikkje behandla før dokumentasjon er lasta opp.

Behandling  av personopplysningar som er henta inn for administrative formål ved HVL, skjer i samsvar med føresegnene i personvernforordninga.

Ved søknad om praksis på særskilt stad minner vi om at:

  • Utdanninga di har eit geografisk praksisfelt som legg føringar for kor du kan ha praksis.
  • Noko pendletid må påreknast også for studentar som får innvilga praksis på bestemt stad.

Gå til søknadsskjema her.

Kva skjer etter at du har søkt?

  • Praksiskoordinator på fakultetet ditt vil sakshandsame søknaden.
  • Sakshandsamingstida kan ta inntil fire veker frå motteken søknad/frå søknadsfrist.
  • Du kan bli kalla inn til ein tilretteleggingssamtale etter behov.
  • Du vil få svaret på e-post, Digipost eller brev når søknaden er ferdig handsama.
  • Dersom tilrettelegginga kan påverke gjennomføringa av praksisperioden, vil høgskulen ha dialog med praksisstad og student. 

Søknadsskjema