Reis miljøvenleg på Erasmus+

Reis miljøvenleg til Erasmusutveksling og utvid opphaldet med ei reise gjennom Europa. Du får ekstra reisestipend frå Erasmus+ og med HVLs miljøstipend på toppen har du råd til ein interrailbillett i Europa.

Vilkår for deltaking

  • Ordninga er open for høgskulen sine studentar som har fått innvilga plass på utveksling gjennom Erasmus+. Dette gjeld studentar som tar anten fag eller praksis, uavhengig av lengde på utvekslinga. 
  • Du kan delta ein gong per utveksling du er på.
  • Med miljøvenleg transport reknast buss og tog. Viss du vel andre miljøvenlege løysingar må du ta kontakt med international@hvl.no.

Nytt gjerne ein reisekalkulator, som for eksempel Klimatsmart Semester, for å  sjå korleis du kan gjere utvekslinga di så klimavenleg som mogleg. 

Korleis deltek du? 

Registrer at du skal reise miljøvenleg i appen innan når du søkjer om Erasmusstipend.

Tildeling

Det vert delt ut stipend på kr 3000 frå og med hausten 2025.  

Utbetaling

Du må skrive under på ein "Declaration on honour" som stadfester at du skal reise miljøvenleg. Når denne er signert kan du få utbetalt stipendet. 

Bevis på miljøvenleg reise sendast inn til HVL via utvekslingsappen.Appen har eit val for opplasting av vedlegg.

Offentleggjering 

Tildelinga kan verte publisert på HVL sine nettsider og i sosiale media. 

HVL oppmodar om at du anten tar ein takeover på Instagram eller sender oss bilete slik at HVL kan dele frå reisa di.

Atterhald  

Dersom bevis for gjennomført reise ikkje er tilstrekkeleg eller truverdig kan HVL krevje stipendet tilbake.