Rettleiing for framtida: — Å vere fagleg dyktig og å kunne lære det bort er to forskjellige ting
Namn: Eduardo Fernandez Selga Jr.
Alder: 36
Kjem frå: Bømlo
Jobbar: På kirurgisk avdeling ved Stord sjukehus
Har studert : Pedagogisk veiledning HVL Stord
— Rettleiing handlar om så mykje meir enn å formidle fagleg kunnskap. Det handlar også om å stille dei gode spørsmåla til studentane, og hjelpe dei med å finne eigne løysingar. Det handlar om korleis ein kommuniserer og gir tilbakemeldingar. Målet mitt er å kunne gi studentane ei trygg og god læringsoppleving, og at dei utviklar seg til kompetente og sjølvstendige sjukepleiarar, seier Eduardo.
Eigentleg hadde Eduardo tenkt å bli ingeniør, lærar, eller å jobbe innan TV. Men vegen tar ikkje alltid dei svingane ein forventar. Han blei utfordra av foreldra sine til å bli sjukepleiar - ei populær utdanning og eit meiningsfullt yrke han kunne bruke i heile verda. Han utdanna seg til sjukepleiar på Filippinene. Då han flytte til Norge for 13 år sidan arbeidde han først som helsefagarbeidar, og tok kompletterande utdanning for å bli autorisert sjukepleiar her. I 2021 blei Eduardo ferdig utdanna ved HVL Bergen og autorisert sjukepleiar i Norge. Han byrja å jobbe på Stord sjukehus same år.
Ein kunnskapstørst sjukepleiar

Eduardo har alltid likt å lære, både fagleg og personleg.
Han har tatt vidareutdanning i både pedagogisk veiledning og pleie og behandling av ikkje-helande sår ved HVL, og er for tida i gang med ein master i avansert klinisk allmennsjukepleieie.
— Eg tenker at det alltid er meir å lære, og at eg vil kunne endå meir i jobben min. Eg meiner det er viktig å utvikle kompetanse i takt med krav og utviklinga i helsevesenet. Det blir færre av oss i yrket, og me må lære meir for å kunne hjelpe i framtida. For meg er det utruleg givande, seier Eduardo.
Etter å ha arbeida nokre år som sjukepleiar ved Stord sjukehus, kjende han på eit ønskje om å få meir kompetanse om det å rettleie andre.
— Eg har ofte vore usikker på korleis eg kan lære bort kunnskapen min på ein fagleg og pedagogisk måte. Det er ikkje berre å vise studentane som er i praksis korleis noko skal gjerast, men ein må også forklare kvifor me gjer som me gjer og legge godt til rette for læring. Eg vil rettleie studentar slik at dei blir trygge og betre rusta til sjukepleiaryrket.
Eduardo ønskjer også å bidra til kompetanseheving i si eiga avdeling, og at den kunnskapen han får gjennom vidareutdanninga kan komme fleire til gode.
Å stille dei gode spørsmåla
Eduardo opplever at vidareutdanninga i pedagogisk veiledning har gjort han meir bevisst i rolla som rettleiar i jobben sin.
— Allereie dei første samlingane fekk me kunnskap om ulike rettleiingsmetodar. Me lærte om kor viktig det er å skape tryggleik og gode relasjonar. Rettleiing handlar om mykje meir enn å formidle fagleg kunnskap, det handlar også om å stille gode spørsmål til studentane og hjelpe dei med å finne eigne løysingar. Me lærte også om korleis vi kan kommunisere og gi tilbakemeldingar.
Eduardo har, som nemnt, tatt fleire vidareutdanningar samstundes som han har jobba. Å finne likevekt er somme tider ein kunst.
— Ein må finne balansen, men det er ikkje alltid enkelt. Det krev god planlegging og prioriteringar. Eg meiner også at god og open kommunikasjon med leiar, og god leiarforankring er veldig viktig viss ein skal ta utdanning medan ein jobbar, seier han.
Eit nettverk av kunnskapsdeling
Gjennom utdanninga i pedagogisk veiledning fekk Eduardo også utvida nettverket sitt.

— Eg trefte trivelege lærarar og dyktige medstudentar. Ved å ta vidareutdanning får ein ikkje berre meir kunnskap, men også eit nettverk av menneske som deler same utfordringar som deg sjølv. Det å jobbe mot eit felles mål er veldig givande.
Han synst også det var litt spesielt å plutseleg vere student igjen i vaksen alder, men skulebenken er ein stad han alltid har trivst.
— Det er jo litt skummelt å gå inn i ei ny rolle, men det har vore veldig fint å dele erfaringar frå arbeidskvardagen og sjå ting frå ulike perspektiv, seier han.
— Ei investering i eigen kompetanse
Eduardo vil gjerne anbefale fleire å ta vidareutdanning i pedagogisk veiledning ved HVL.

— Å vere fagleg dyktig og å kunne lære det bort er to forskjellige ting. I denne utdanninga får ein verktøy og metodar som kan gjere rettleiing meir tilpassa kvar enkelt student. Utdanninga kan gjere oss meir bevisst på korleis me møter studentar i praksis, og korleis studenten opplever praksisperioden, seier han.
Han meiner at å ta utdanning er ei investering i deg sjølv.
— Du vil utvikle deg og møte mange som er i same situasjon som deg, og du angrer aldri på at du har investert i eigen kompetanse, seier han.
Eduardo legg til at det er eit stor pluss med nydeleg mat når ein er på studiesamlingar.
— Eg må berre seie at det er veldig god mat i kantinene på HVL! Eg har studerte ved campus Bergen, Stord og Haugesund og det er utruleg god mat og trivelege folk i kantinene, seier han smilande.
Tekst og foto: Ingvild R. Myklebust


