Utan korona hadde ikkje Vegard hamna på Stord.

– Planen var å studere til lærar i Bergen, men eg blei så glad i campus Stord etter årsstudiet mitt her, at eg valde å bli.

Dette har han ikkje angra på.

Jobben på barneskulen ga interessa for studiet

Det var då landet stengde ned at Vegard tenkte at eit friår med årsstudium kunne vere ein god idé. Han starta først på årsstudium i idrett på Stord og tok etter det eit i samfunnsfag.

– Eg valde Stord fordi eg fekk jobb på ein barneskule og tenkte at då kunne eg jobbe medan eg tok årsstudiet. 

Jobben fekk han inn på tanken om at lærar var vegen å gå. Tanken var først å bli idrettslærar, men så fann han ut at han heller ville bli kontaktlærar på ungdomstrinnet 5.-10. klasse. 

– Eg har to hovudfag, matte og kunst og handverk. Eg har alltid vore god i matte, så eg tenkte at dette kunne bli bra. I tillegg er eg veldig glad i kunst og praktisk arbeid, så det passa utruleg godt med den kombinasjonen. 

Stortrivst på Stord 

Planen var eigentleg å studere ved campus Bergen, men etter to år på Stord og ein fot innanfor arbeidsmarknaden blei han på campusen.

– Eg har ikkje vore på alle campusane, men eg synest Stord er ein av dei finaste. Du har naturen rett ved sida av og vi har også ein hage vi kan bruke, og det er ein trygg stad for studentane å vere. 

Klassene er mindre enn i dei store byane, noko som gjer at studentane blir veldig knytt saman.

– For meg har det vore heilt fantastisk å studere her. Vi får ei utruleg nærleik til og god oppfølging av lærarane våre. 

 

Tar med all lærdom 

Som lærarstudent har Vegard både fått praksis gjennom studiet og jobba på skule. I tillegg fekk han moglegheit til å undervise på ein skule som skil seg frå den norske på fleire vis.

- Eg var i Tanzania i tre månader. Der budde eg og underviste på ein skule, og det var ganske annleis enn her.

Der var det over 100 elevar, og Vegard underviste 8. trinn. Han såg kor annleis forholdet mellom lærar og elevar var.

- Eg har fått veldig mange perspektiv på korleis det er i andre land. I Noreg er forholdet mellom lærar og elev meir likestilt.

Det er noko annleis å undervise for over 100 elevar.

Han føler at det har vore ei lærerik reise, der han også fekk seg gode vener på tvers av dei ulike fakulteta.

 

– Det var berre eg som reiste frå Stord. Og så var det nokon frå Bergen og Sogndal. Vi blei ein ganske god gjeng, og eg er takknemleg for å kunne bli kjent med dei. Eg veit at det er ein på Stord i året under meg som har tenkt å reise, og det er verkeleg noko eg vil anbefale. 

Ser barnas utvikling 

Det at fleire forlèt læraryrket har Vegard lagt merke til. 

– Eg har sjølv vore i klassar som er krevjande, og det er tungt. Men eg har også sett kva som skjer når ein faktisk klarer å endre klassen og skape eit godt klassemiljø. 

Det handlar om å sjå eleven og gi dei tid.

– Vi som lærarar vil berre det beste for eleven: at dei har det bra. Eg må seie at når eg endeleg ser at eleven får det til på skulen, og at han eller ho lærer noko av det eg underviser,  betyr det så mykje for meg. For då veit eg at eg gjer jobben min rett. Barna kjem med så mange gullkorn, og det er berre heilt fantastisk. 

Vegard jobbar på skule medan han studerer, der han opplever god dialog med arbeidsstaden for å tilpasse jobb og studiar. Etter kvart ventar masteroppgåve, og Vegard håpar på jobb på ungdomsskulen i framtida

Tekst: Siri Storesund Hansson

Foto: Siri Storesund Hansson, Falkeblikk og Vegard Borrevik Eide.

Les meir om studiet og Stord:

 

Bli læreren som skaper et godt læringsmiljø, samtidig som du ser den enkelte elev og legger til rette for faglig og personlig utvikling. Bli en kunnskapsrik, engasjerende og tydelig rollemodell for elevene.

Har du lyst på en meningsfull jobb, hvor du kan gjøre en forskjell for barn og unge? Grunnskolelærerutdanning er for deg som ønsker en viktig jobb, der ingen dager er like.

Studentar sitt på stupebrett ved sjøen

Campus Stord er en av Norges fineste campuser. Her har du turstier, en vakker hage og egen strand rett utenfor skolebygningene! Bor du på campus, går du fra hybelen til klasserommet på ett minutt.