Campus Sogndal

Velkommen til vår campus i Sogndal! Her finn du praktisk info om campus og kart.

Lurer du på noko?

Servicetorget kan hjelpe deg med det meste! Du finn oss i 3.etasje (Klikk her for kart).

Opent kvardagar kl. 08.00–15.00

Utanfor opningstid tar du kontakt via e-post eller sentralbord så får du hjelp. Chatboten vår MIME på hvl.no vil også kunne svare på mykje. Prøv gjerne!

E-post: servicetorget@hvl.no
Telefon mellom 08:00-15:00: 55 58 58 00

Opningstider

Hovudinngangen er open måndag til fredag mellom klokka 07.45 og 17.00.

Alle andre dører treng du adgangskort for å opne.

Tilsette har tilgang med adgangskort måndag til søndag mellom klokka 06.00 og 23.00.

Studentar har tilgang med adgangskort måndag til søndag mellom klokka 07.00 og 23.00.

Klikk for informasjon om avvikande opningstider.

Finn fram på campus

Undervisninga skjer både i Høgskulebygget og dei andre bygga våre, som alle ligg i ein radius på eitt minutt på campus. I alle bygga finn du grupperom, klasserom og auditorium. 

I appen Mazemap får du kart over campus og hjelp til å finne fram til rom. Du kan laste ned appen på App Store og Google Play.

Mazemap finn du også på denne nettsida. 

Studere

Høgskulebygget inneheld mykje av det du treng for å vere ein god studen. Vi har eit stort bibliotek der du finn mange gode studentarbeidsplassar med og utan PC, stille leserom, grupperom og ikkje minst eit stort utval av bøker og fagtidsskrift.

Leseplassar

I Høgskulebygget i 4. etasje ligg biblioteket med mange gode studentarbeidsplassar. I del A (hovuddelen) er det 6 studentarbeidsplassar med dockingskjerm og 12 studentarbeidsplassar. Det er også 5 runde bord med stoler. I del B har vi to stille leserom, H4129 og H4127, med 8 studentarbeidsplassar i kvart rom. Det er også 16 studentarbeidsplassar med dockingskjerm, 8 studentarbeidsplassar med PC, samt nokre runde bord med stoler i denne delen. Datalaben «Kjernehuset» ligg også i del B.

I 5. etasje er det inne i biblioteket 16 studentarbeidsplassar utanfor vis-a-vis grupperom og seminarrom. 

I Bragebygget er det fleire studentarbeidsplasser i vrimleområdet i 1. etasje.

I Stadionbygget er det nokre studentarbeidsplassar i vrimleområdet «Bakkeplassen» i 1. etasje. I 2. etasje er det 20 studentarbeidsplassar på rom STA02-11 «Skraol».

I Fossbygget i 2. etasje er det ein lesesal, F200 «Tankefossen», med 11 studentarbeidsplassar som er avsett til mastergradsstudentar. Det er det også 7 studentarbeidsplassar med PC og 7 studentarbeidsplassar som kan brukast av alle studentar på lesesalen. Det er også studentarbeidsplassar i vrimleområda i 2. etasje. og 3. etasje. Datalabene F202 og F208 «Kjelda» ligg også i 2. etasje. 

Ubrukte seminarrom og auditorium kan også nyttast som studentarbeidsplassar. Desse romma kan ikkje reserverast, men du kan bruke dei fritt ved behov.
Oversikt over ledige rom i Sogndal finn du i TimeEdit.

Treng du å reservere ein studentarbeidsplass, kan du reservere grupperom i TimeEdit.

Book grupperom

Bokskap

Du kan låne skap på campus. Bokskap finn du i

  • Høgskulebygget Sogndal, 1. og 2. etasje (bak heisane)
  • Fossbygget, 2. og 3. etasje
  • Stadionbygget, 2. etasje

Ved slutten av kvart studieår skal hengelåsen fjernast og skapet tømmast. 

Når du tar i bruk eit skap, skal du gi beskjed til Servicetorget i Høgskulebygget, eller sende e-post til servicetorget.sogndal@hvl.no. Du oppgir namn på bygg, etasje, nummer på skapet og studentnummeret ditt.

Ta kontakt med Servicetorget om du har spørsmål. 

Parkering

Kjem du med bil? Det er avgiftsparkering på campus