Mann på oljeplattform med hjelm og briller.

Framtidas skule, kompetansar i det 21. århundre (21 st Century Skills & Industri 4.0 for BA, EL og TIP)

EtterOgVidereutdanning

Kva tenkjer næringslivet om kompetansebehovet hos fagarbeidarar i framtida? Dette er utgangspunktet for planlegging av innhald i studiet. HVL samarbeider tett med næringslivet i Vestland, slik at studiet skal bli relevant og framtidsretta, og gi yrkesfaglærarane både stadfesting og ny innsikt i eige undervisningsarbeid.

Nett- og samlingsbasert

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Fullført lærarutdanning. Søkere må være tilsett i og ha undervisningspraksis i vidaregåande opplæring, yrkesfagleg utdanningsprogram.

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor velje denne utdanninga?

    Studiet tek utgangspunkt i næringslivet sine signal om framtidas kompetansebehov, 21st century skills og Industri 4.0. Studentane blir kjende med næringslivet sine skildringar av framtidas kompetansebehov og skal relatere desse til bærekraftig utvikling, tverrfaglege tema og djubdelæring.

    Utvikling av framtidsretta og tilpassa didaktikk med utgangspunkt i Discovery learning står sentralt i studiet. Det er òg eit mål at studiet skal bidra til kunnskapsdeling, nytenking og innovasjon på skulen til deltakarane.

    Korleis er studiet lagt opp?

    Studiet har tre samlingar à to dagar, som blir lagt til næringsklynger i områda Sunnhordland, Sogn/Nordfjord og Bergensområdet.   

    I studiet vektlegg vi arbeid med praksisnære utviklingsprosjekt og vekslar mellom introduksjonar, gruppearbeid, refleksjonsgrupper, erfaringsutveksling og diskusjonar med utgangspunkt i erfaringar frå utviklingsprosjekta. Nettverksbygging er òg vektlagt som mål for og arbeidsmåte i studiet.

    Ein del av Yrkesfaglærarløftet

    Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing «Yrkesfaglærarløftet». Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir.