Dokumentasjon i SøknadsWeb

Ved søknad til studium gjennom HVL sin SøknadsWeb lastar du opp dokumentasjonen elektronisk (som pdf eller bilde) dersom ikkje anna er oppgitt.

Dokumentasjon som inneheld sensitiv informasjon skal ikkje lastast opp i SøknadsWeb, men sendast til HVL som brevpost.

Merk at alle opptak har ein søknadsfrist, og denne er også siste frist for å levere dokumentasjon. Søknadar utan dokumentasjon blir avvist.

Når du lastar opp dokumentasjon i SøknadsWeb er det viktig at du merkar filene godt, slik at saksbehandlarane enkelt kan finne relevant informasjon knytt til søknaden din.

Slik namngir du filene du lastar opp:

  • Vitnemål frå vidaregåande skule: Vitnemal vgs
  • Vitnemål bachelor/master: Vitnemal bachelor/master (eit av alternativa)
  • Kompetansebevis vidaregåande skule: Kompetansebevis vgs
  • Karakterutskrift frå høgare utdanning: Karakterutskrift
  • Autorisasjon: Autorisasjon
  • Relevant arbeidspraksis: Praksis + namn på arbeidsstad

Ofte stilte spørsmål om søknad og opptak


Opptakskontoret