Total kvalitetsledelse

Etter- og vidareutdanning, våren 2018

Etter fullført kurs skal deltakarane kunne bidra til å auke effektiviteten og konkurranseevna, spesielt i små- og mellomstore teknologibedrifter, ved å utnytte ressursane i bedrifta på ein betre måte og ved å skape ei medverkande haldning til det som skjer i bedrifta hos tilsette, kundar, eigarar og samfunnet utanfor.

I studiet går vi igjennom kjenneteikn ved kvalitetsdrive leiing og drift av verksemd. Dette omfattar marknader, kundar og produkt, organisering av verksemda, ressursar, funksjonar og prosessar i bedrifta. Kontinuerleg måling, analyse og forbetringsarbeid blir også behandla. Krava til bedrifta sitt kvalitetssystem i ISO 9001:2000, internkontroll (IK) forskrifta og Arbeidsmiljølova vil bli gjennomgått.

Timeplan

Tre samlingar der kvar samling er fordelt over tre dagar.
Fredagar kl. 16.00 - 20.00, laurdagar kl. 9.00 - 17.00, og søndagar kl. 9.00 - 14.00

1. samling: 24.-26. august
2. samling: 21.-23. september
3. samling: 26.-28. oktober
4. samling: 23.-24. november (eksamen)