Studieplan - Musikk årseining

Kull Hausten 2019

Eit årsstudium kan du bruke til så mykje. Det kan blant anna vera starten på vidare studier i faget, eller ei smaksprøve på lærerutdanninga. Er du interessert i musikk og ynskjer å utvikle deg som musikar eller musikklærar? Her får du sjansen!

Læringsutbytte

Sjå emnebeskriving under Utdanningsplanar, studiestart 2017 haust.

Innhald

Som student på musikk årskurs får du undervisning i eit breitt spekter av musikkdisiplinar som hovedinstrument, samspel, biinstrument, fagdidaktikk, musikkhistorie, komponering, arrangering, musikkteori og kor. Studentane lærer mellom anna å tilrettelegge for musikkaktivitetar med born, og får innblikk i mange ulike musikksjangrar. Som student er du aktiv i framføringar og konsertar i høgskulemiljøet og ute i musikklivet, samstundes som du får dra på studieturar til interessante musikkstader.

Arbeidsformer

Arbeidsformene i emnet vil veksle mellom praktisk skapande arbeid, førelesingar, prosjekt- og gruppearbeid, framføringar og veiledning. Undervisning vil bli halden i grupper, og individuelt der det er hensiktsmessig. Det blir sett krav til at studentane kan arbeide sjølvstendig gjennom øving og eigeninnsats.

For studentar som ikkje kan delta i undervisning som krev eigenbetaling, legg høgskulen til rette for alternativt undervisningsopplegg som tilfredstiller dei faglige krava.

Vurderingsformer

Praktisk metodisk eksamen, mappeeksamen.

Internasjonalisering

Musikkseksjonen ved HSH har eit stort internasjonalt nettverk og kontakt med utdanningsinsitusjonar i mange land, blant anna Irland, Belgia og Hellas.