Studieplan - Utøve, lage og produsere musikk
Hausten 2022
Eit årsstudium kan du bruke til så mykje. Det kan blant anna vere starten på vidare studier i faget, ei smaksprøve på lærerutdanninga, eit ekstra undervisningsfag til bruk i grunnskulen eller eit år der du vil fokusere på eigenutvikling innan musikk.
Læringsutbytte
Sjå emneskildring under Utdanningsplanar.
Innhald
På musikk årsstudium får du undervisning i eit breitt spekter av musikkdisiplinar som hovudinstrument, samspel, biinstrument, høyrelære fagdidaktikk, musikkhistorie, komponering, arrangering, musikkteori, leiing og kor. Studentane lærer mellom anna å legge til rette for musikkaktivitetar med born, og får innblikk i mange ulike musikksjangrar. Som student er du aktiv i framføringar og konsertar i høgskulemiljøet samstundes som du får moglegheit til å dra på ekskursjonar og studietur.
Praksis
Det er lagt inn to veker med rettleia praksis i løpet av studieåret. Praksis kan verte organisert ulikt etter studentgruppa si samansetjing. Praksis kan vere observasjon av musikkundervisning og annan undervisning i grunnskulen, samt gjennomføring av prosjekt retta mot barn og unge.
Arbeidsformer
Arbeidsformene i emnet vil veksle mellom praktisk skapande arbeid, førelesingar, prosjekt- og gruppearbeid, framføringar og rettleiing. Undervisning vil bli gjennomført i grupper, og individuelt der det er formålstenleg. Det blir sett krav til at studentane kan arbeide sjølvstendig gjennom øving og eigeninnsats.
For studentar som ikkje kan delta i undervisning som krev eigenbetaling, legg høgskulen til rette for alternativt undervisningsopplegg som tilfredsstiller dei faglege krava.
Vurderingsformer
Praktisk eksamen og mappeeksamen.
Internasjonalisering
Musikkseksjonen ved HVL har eit stort internasjonalt nettverk og kontakt med utdanningsinsitusjonar i mange land, blant anna Irland, Belgia og Hellas.