Hopp til innhald

Studieplan - Musikk årseining

Hausten 2023

Årsstudiet Utøve, lage og produsere musikk gir mogelegheiter for å utvikle seg musikalsk åleine og i samspel med andre, lære om og erfare musikken sine byggesteinar og korleis ein kan bruke desse til å lage sin eigen musikk. Studentane får individuell undervisning/rettleiing i eit sjølvvalt hovudinstrument eller praktisk hovudområde (t.d. musikkproduksjon, singer/songwriter, arrangering for kor/korps, e.l.). Undervegs i studiet lærer studentane korleis dei kan gje og ta imot tilbakemelding, samarbeide med andre i skapande arbeid, og korleis dei kan leie andre i musikalsk arbeid. Det blir lagt stor vekt på å skape trygge rammer rundt dette.

Årsstudiet er lagt opp slik at studentane skal ha stor fridom i høve til fordjuping med tanke på instrument/ hovudområde, sjanger og formidlingsformer. Samstundes er det viktig at studenten utvidar sitt erfaringsgrunnlag gjennom å delta i praktiske fellesprosjekt, samspel, gruppeoppgåver og presentasjonar av eigen eller andre sin musikk. I all musikalsk verksemd er det ein fordel å kunne kommunisere eigne musikalske tankar og idéar. Ved å leie kvarandre, barn, unge eller andre i praktiske musikkaktivitetar får studentane utvikle sitt vokabular og øve seg på å bli ein tydeleg kommunikator og leiar. Studentane får også ein djupare kunnskap om det dei skal lære bort, og utvikle eigen tryggleik til å formidle.

Det er krav om politiattest for studentar som tar 2 veker praksis.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om musikken sine byggesteinar og korleis desse kan nyttast i skapande arbeid med musikk
  • har kunnskap om ulike instrument, musikalske sjangrar og ulike former for musikalsk produksjon
  • har kunnskap om musikk som individuelt og relasjonelt fenomen
  • har grunnleggande kunnskap om ulike teoriar og metodar for forskings- og utviklingsarbeid

Ferdigheiter

Studenten

  • kan uttrykke seg musikalsk individuelt og saman med andre
  • kan dokumentere og formidle eiga skapande arbeid på ulike måtar og anvende musikkteknologiske verktøy
  • kan reflektere over og grunngje eigne musikalske val både munnleg og skriftleg
  • kan bruke erfaringar og utforskande arbeidsmåtar i sjølvstendig arbeid og eigen musikalsk utvikling
  • kan bidra med konstruktiv tilbakemelding til andre

Generell kompetanse

Studenten

  • kan arbeide sjølvstendig med eigen musikkfagleg utvikling
  • kan samarbeide med og tilpasse seg til andre, bidra med innspel og utveksle eigne musikalske idéar
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt over tid aleine og i samarbeid med andre
  • kan vise evne til refleksjon og kritisk tenking i forhold til tema i utdanninga
  • kan fasilitere og evaluere musikkundervisning og musikkaktivitetar for ulike målgrupper

Innhald

Årsstudiet Lage musikk er lagt opp med obligatoriske emne:

Haustsemester:

  • Emne 1: Utøve musikk, 15 stp
  • Emne 2: Lage musikk, 15 stp

Vårsemester:

  • Emne 3: Samspel og musikalsk produksjon, 15 stp
  • Emne 4: Selvvalgt prosjekt, 15 stp

Praksis

Det er lagt inn to veker med praksis i løpet av studieåret. Praksis kan bli organisert ulikt etter studentgruppa si samansetting. Praksis kan vere observasjon av musikkundervisning og anna undervisning i grunnskulen, musikkformidlingsprosjekt (utøvande praksis), delta som hjelpeinstruktør i kor/korps eller liknande, samt gjennomføring av prosjekt retta mot barn og unge.  Det er obligatorisk i studiet å delta i praksis.

Arbeidsformer

Arbeidsformene vil veksle mellom praktiske prosjekt, kurs/workshops, forelesing, sjølvstendig arbeid, prosjekt- og gruppearbeid, framføringar, ekskursjonar og rettleiing. Undervisning og rettleiing vil bli gjennomført i grupper og individuelt. All undervisning skjer fysisk, men kan ha innslag av digitale aktivitetar. Studentane må rekne med å betale for ekskursjonar i regi av høgskulen.

For studentar som ikkje kan delta i undervisning som krev eigenbetaling (f.eks. ekskursjonar), legg høgskulen til rette for alternativt undervisningsopplegg som tilfredsstiller de faglege krava.

Vurderingsformer

Praktisk eksamen og mappeeksamen.

Internasjonalisering

Internasjonalisering blir ivareteken gjennom blant anna internasjonalt fagstoff, internasjonale perspektiv og ulike musikktradisjonar og fenomen. Det er ikkje lagt opp til utveksling i årsstudiet.

Musikkseksjonen ved HVL har eit stort internasjonalt nettverk og kontakt med utdanningsinsitusjonar i mange land, blant anna Irland, Belgia og Hellas.

Organisering

Undervisninga er organisert som fysisk undervisning med obligatorisk oppmøte. Kvart emne har i utgangspunktet sine faste dagar i veka. Det er også lagt inn tid til sjølvstendig arbeid. Ved gjennomføring av intensive prosjekt kan det bli lagt undervisning alle dagar. Noko kvelds- og helgeundervisning må påreknast med tanke på konsertar, ekskursjonar og eventuelle besøk/ seminar av eksterne lærarar/ utøvarar / låtskrivarar.