Samfunnsfag

Årsstudium, hausten 2019

Er du samfunnsengasjert og interessert i kvifor samfunnet er som det er? I ein stadig meir digital kvardag blir det stilt høge krav til kritisk refleksjon, noko som gjer både humanistisk og samfunnsvitskapleg kunnskap viktig. Med årsstudium i samfunnsfag lærer du å forstå samtida betre, samtidig som du får innsikt i samfunnsutviklinga i fortid og notid.

Du har emne innan nyare historie, sosiologi og statsvitskap.

Du lærer å

  • forstå samanhengar mellom samfunn, styresett, levekår og globale spørsmål
  • sjå hovudtrekka i nyare norsk, europeisk og global historie
  • samanlikne og forstå politiske forhold i Europa og i den globaliserte verdspolitikken
  • kritisk vurdere historiefaglege og samfunnsvitskaplege tekstar

Årsstudiet passar godt som vidareutdanning for deg som er lærar.

Undervisningsmåtar

Samfunnsfag er både eit munnleg og skriftleg fag. Diskusjonar og samtalar er ein viktig del av undervisninga, i tillegg til skriftlege presentasjonar og oppgåver. Det er lagt opp til mykje sjølvstudium.

Kva kan du jobbe med?

Les meir og sjå kva tidlegare studentar arbeider med.

Vil du studere meir?

Årsstudium i samfunnsfag kan danne grunnlag for å fortsette på ei bachelorutdanning i til dømes historie eller sosiologi. Du kan også bruke årsstudiet inn i andre studium.