Ungdomssosiologi

Årsstudium, hausten 2019

Er du samfunnsinteressert, og særleg opptatt av kva rolle ungdom har i samfunnet? Årsstudiet i ungdomssosiologi gir deg gode verktøy til å forstå det norske og det globale samfunnet, og oppvekstvilkåra til ungdom.

Studiet passar godt for deg som likar å reflektere over ny kunnskap, er nysgjerrig og vil utvikle betre analytiske evner.

Du lærer om korleis kjønn, sosial klasse, familie, nærmiljø, vennskap og media påverkar overgangsfasen frå barn til vaksen. Du har også emne som gir kunnskap om endringar i det internasjonale samfunnet.

Du lærer om

  • kva utfordringar og forventningar som møter unge i dagens samfunn
  • korleis familien, skulen, media, venner og maktforhold i samfunnet kan forklare ulike val og ulik meistring
  • sosiologifaget og sosiologisk forskingsmetode

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, skriftleg arbeid med rettleiing, seminar- og gruppearbeid. Undervisninga baserer seg på at du som student er glad i å lese faglitteratur på eiga hand eller i samarbeid med medstudentar.

Vil du studere meir?

Studiet utgjer første år av bachelor i sosiologi - ungdomssosiologi. Dersom du følgjer det tilrådde studieløpet og vel emna Ex phil og Ex fac i årsstudiet, kan du søke opptak direkte til 2. år på bachelorstudiet. Du søker gjennom vår Søknadsweb.