Studieplan - Spesialpedagogikk 2, 1.-10. trinn

Kull Hausten 2020

Spesialpedagogikk 2 er ei vidareutdanning for deg som arbeider på 1.-10. årstrinn, og allereie har 30 studiepoeng i spesialpedagogikk. Studiet bygger på Spesialpedagogikk 1 eller tilsvarande emne, og vil gje meir inngåande kjennskap til det spesialpedagogiske fagfeltet

Sentrale tema i studiet vil være:

  • sosial og emosjonell utvikling hos barn og unge
  • psykososiale vanskar
  • inkluderande læringsmiljø og psykisk helse
  • utfordringar hos barn og unge sett frå ulike system- og individperspektiv
  • rettleiing og intern og ekstern samarbeid
  • kartlegging, førebygging og tidleg innsats