Studieplan - Mat og helse 1

Kull Hausten 2020

Mat og helse 1 er eit vidareutdanningstilbod for lærarar i heile grunnskulen. Gjennom studiet skal studentane få innføring innanfor fagområdet sin helsefremjande, miljømessige og kulturelle dimensjon.

 

Studentane skal tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter som gjer barn og unge i stand til å gjere helsefremjande og førebyggande kosthaldsval, gjere barn og unge i stand til å opptre som ansvarlege forbrukarar på matområdet og gi dei forståing for den kulturelle betydninga mat og måltid har for enkeltindivid og samfunn.