Studieplan - Masterstudium i organisasjon og leiing

Kull Hausten 2020

Masterstudiet i organisasjon og leiing er eit samfunnsvitskapleg studium med basis i organisasjonsfag. Studenten vel spesialisering i helse- og velferdsleiing, eller i utdanningsleiing.

I løpet av studiet skal studenten tileigne seg både generelle og sektorspesifikke kunnskapar om organisasjon og leiing, og studenten vil lære mellom anna å analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar slik dei viser seg innanfor utdannings- eller helse- og velferdssektorane.

Etter fullført studium skal kandidaten framstå som ein profesjonell yrkesutøvar med avansert kunnskap om leiing og om korleis moderne leiing kan gå føre seg innanfor ramma av lovverk og økonomiske prioriteringar.

Kandidaten skal kunne gå inn leiarstillingar og særleg sjølvstendige stillingar i offentleg forvaltning innan utdanning- eller helse- og velferdssektoren.

Studiet er eit deltidsstudium over fire år.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Etter fullført studium har kandidaten:

  • eit breitt organisasjonsteoretisk grunnlag for å kunne forstå skiftande og komplekse utfordringar slik dei står fram i gjennomorganiserte samfunn
  • inngåande kunnskapar om korleis internasjonale og nasjonale politiske føringar påverkar dei institusjonane kandidaten arbeider innanfor
  • avansert kunnskap om korleis endringar i offentleg sektor blir sett i verk gjennom reformer, og korleis dette skaper særskilde kontekstar for utøving av leiing
  • ei særskild innsikt i korleis ein kan analysere faglege problemstillingar og omforme desse til ei individuell leiarrolle tilpassa historiske, tradisjonelle og kontekstuelle føringar

 

Ferdigheiter

Etter fullført studium kan kandidaten:

  • bruke vitskaplege metodar på ei bruksretta problemstilling
  • gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing, i tråd med gjeldande forskingsetiske normer innanfor samfunnsvitskap, humaniora og jus
  • vurdere og bruke ulike typar vitskaplege kjelder og databasar på avansert nivå
  • analysere eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innanfor fagområdet
  • arbeide sjølvstendig med relevante metodar for forskingsbasert kunnskapsproduksjon knytt til problemstillingar i utdanningssektoren eller helse- og velferdssektoren.

 

Generell kompetanse

Etter fullført studium kan kandidaten:

  • nytte kunnskapar og ferdigheiter i avansert arbeidsoppgåveløysing og prosjektgjennomføring
  • formidle omfattande vitskapleg arbeid
  • kommunisere både med ålmenta og andre fagfeller om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar
  • bidra til nytenking og innovasjon

 

Kompetanse / formell grad

Fullført studium (120 studiepoeng) gjev rett til tittelen master i organisasjon og leiing - helse- og velferdsleiing eller master i organisasjon og leiing - utdanningsleiing. Studiet kvalifiserer til følgjande stillingar og oppgåver:

  • Leiarstillingar innan det feltet spesialiseringa er retta mot (helse- og velferdssektoren eller utdanningssektoren)
  • Administrative stillingar innan sektorane, t.d. offentlege stillingar som krev kunnskapar om handsaming av saker knytte til institusjonar innan feltet, og/eller offentleg kontroll-, tilsyns- og forvaltningsansvar for slike institusjonar
  • Sjølvstendige stillingar av typen prosjektleiing, utgreiing, planlegging, utviklingsarbeid og liknande innan sektoren spesialiseringa er retta mot

Innhald

Masterstudiet i organisasjon og leiing - helse- og velferdsleiing eller utdanningsleiing utgjer 120 studiepoeng. Studiet består av to steg.

 

Oppbygginga av studiet:

 

Master steg 1:

 

OR6-403 Leiing og endring av organisasjonar (15 sp.)

 

SA6-405 Leiing av forbetringsarbeid i grunneiningar / SA6-406 Leiing av pedagogisk verksemd (15 sp.)

 

SØ6-402 Offentleg økonomiforvaltning (7,5 sp.) og JU6-404 Jus for offentleg leiing (7,5 sp.)

 

SA6-502 Helse- og velferdspolitikk/ SA6-503 Utdanningspolitikk (15 stp)

 

 

Master steg 2:

 

SA6-504 Politikk, styring og innovasjon i offentleg sektor (7, 5 stp)

ME6-501 Forskingsdesign og metode (22,5 sp.)

 

MR691 Masteroppgåve (30 sp.)

 

Av dei 60 studiepoenga i steg 1 vert 30 studiepoeng gjennomført som fellesemne for dei to studieretningane (Leiing og endring av organisasjonar, Offentleg økonomiforvaltning og Jus for offentleg leiing. Dei resterande 30 studiepoenga er sektorspesifikke emne (Leiing av forbetringsarbeid/Leiing av pedagogisk verksemd og Helse- og veldferdspolitikk/Utdanningspolitikk. Master steg 2 er basert på fellesundervisning, medan masteroppgåva er eit individuelt arbeid eller arbeid i gruppe på inntil to studentar under rettleiing av ein oppnemnd fagperson.

 

Steg 1 må gjennomførast før studentane kan ta til med steg 2. Ein føresetnad for å starte med masteroppgåva og få rettleiing på denne, er at ein er ferdig med alle dei andre emna i studiet. Ut over dette vil det bli lagt vekt på fleksibilitet når det gjeld studentane si gjennomføring av emna.

 

I steg 1 opnar vi for at studentar som har gjennomført andre fagleg relevante emne kan søke om fritak for enkelte emne. Emne som vil kunne bli erstatta, er leiing og endring av organisasjonar, leiing av forbetringsarbeid i grunneiningar, leiing av pedagogisk verksemd og økonomi og juss. Dei andre emna er didaktisk og fagleg sterkt knytt til masteroppgåva, og det skal særskilde grunnar til før det blir gjeve fritak for desse.

 

Som ein bakgrunn for arbeidet med masteroppgåva skal studentane setje seg godt inn i vitskapsteori og samfunnsvitskaplege metodar gjennom emnet Forskingsdesign og metode (ME6-501). Målet er å både gje eit oversyn over ulike forskingsstrategiar generelt og gje eit grunnlag for sjølvstendig vurdering av forskingsresultat. Emnet skal vidare gje grunnlag for tileigning av metodekunnskapar til bruk i samband med masteroppgåva.

 

Målet med masteroppgåva er at studentane skal lære å bruke vitskaplege metodar på ei bruksretta problemstilling. Den kan gjerne vere knytt til eit arbeidsområde studenten sjølv har erfaring med. Oppgåva skal som hovudregel gjennomførast som ei empirisk undersøking knytt til det valde problemområdet. Unntaksvis kan det gjennomførast eit reint analytisk arbeid. I begge tilfella vil det bli lagt vekt på at studentane skal kunne nytte teoretiske perspektiv og omgrep til å drøfte empiriske problemstillingar knytt til utdanningssektoren eller helse- og velferdssektoren.

 

Studiet blir gjennomført som deltidsstudium over åtte semester. Gjennomføringsplanen går fram av emneoversikta.

Arbeidsformer

Studiet er bygd opp rundt samlingar med førelesingar, seminar og gruppearbeid. På samlingane vil studentane møte varierte og problemorienterte arbeidsformer som casedrøftingar, øvingar og prosjektseminar med drøftingar av eige og andre sine prosjekt.

Mellom samlingane skal studentane arbeide med pensumlitteratur og oppgåver. Det vert lagt vekt på å utvikle bruken av ikt som kommunikasjons- og informasjonskanal og som læringsverktøy i studiet. Det er ein føresetnad for gjennomføring av studiet at studentane har tilgang til e-post og internett. Canvas skal nyttast aktivt som lærings- og kommunikasjonsplattform.

Studiet stiller store krav til sjølvstendig pensumgjennomgang, ansvar for eiga læring mellom samlingane og aktiv tilnærming til dei problemstillingane studentane vert presenterte for.

 

Oversikt over korleis arbeidskrava er bygd opp gjennom heile utdanninga

Semester 1

Emne: OR6-403 Leiing og endring i organisasjonar.

Arbeidskrav nr. 1a: Eigenpresentasjon: Målformulerande dokument der studenten gjer greie for forventningar og mål for emnet og studiet.

Arbeidskrav nr. 1b: Delta i munnleg presentasjon av gruppearbeid om organisasjonsanalyse.

 

Semester 2

Emne: SA6-405 Leiing av forbetringsarbeid i grunneiningar (for helse- og velferdsleiing.

Arbeidkrav nr. 2: Fire korte refleksjonsnotat (400 – 1200 ord) utarbeidde mellom samlingane.

Emne: SA6-406 Leiing av pedagogisk verksemd (for utdanningsleiing).

Arbeidskrav nr. 2a: Fire korte refleksjonsnotat (600 – 800 ord) utarbeidde mellom samlingane.

Arbeiskrav nr. 2b: Eit individuelt notat som drøftar eigen læringsprosess med utgangspunkt i læringsutbytte for emnet og relevant teori. Maksimalt 1000 ord.

 

Semester 3

Emne: SØ6-402 Offentleg økonomiforvaltning.

Arbeidskrav nr. 3: Innleveringsoppgåve. Gjennomgang i plenum.

Emne: JU6-404 Jus for offentleg leiing.

Arbeidskrav nr. 4: To praktiske oppgåver med individuell tilbakemelding.

 

Semester 4

Emne: SA6-502 Helse- og velferdspolitikk

Arbeidskrav nr. 5a: Tre korte notat ( 800 – 1200 ord) utarbeidde mellom samlingane.

Arbeidskrav nr. 5b: Førebu og presentere valt artikkel på artikkelseminar

Emne: SA6-503 Utdanningspolitikk

Arbeidskrav nr. 5a: Tre korte notat (800-1200 ord) utarbeidde mellom samlingane.

Arbeidskrav nr. 5b: Førebu og presentere valt artikkel på artikkelseminar

 

Semester 5 - 5, 5

Emne: SA6-504 Politikk, styring og innovasjon i offentleg sektor (frå haust 2021)

Arbeidskrav: To læringsnotat utarbeidde mellom samlingane (800 - 1200 ord)

 

Semester 5, 5 – 6

Emne: ME6-501 Forskingsstrategiar og metode

Arbeidskrav nr. 6: Fire innleverte oppgåveløysingar i løpet av emnet (6a, 6b, 6c, 6d).

 

Semester 7 – 8

Emne: MR691 Masteroppgåve

Arbeidskrav nr. 7: Munnleg presentasjon av undersøkjingsopplegg for masterprosjeket.

Arbeidskrav nr. 8: Munnleg presentasjon av analyse og funn i masterprosjektet.

 

Arbeidskrava skal godkjennast av dei ansvarlege faglærarane, eventuelt av faglærarar utpeikte av programansvarleg. Generelt er godkjende arbeidskrav eit vilkår for å kunne gå opp til eksamen i eit emne.

 

 

 

 

 

 

Vurderingsformer

I kvart emne er det venta at studentane sjølve arbeider med tekstar som på ulike måtar bidreg til innlæring av fagstoff. Studentane får tilbod om og har krav på rettleiing individuelt, i grupper i plenum når det gjeld utforming av tekstane. Heile eller delar av tekstane skal leverast inn til mappe for sluttvurdering og fungerer då som eksamen.

Generelt er godkjende arbeidskrav eit vilkår for å kunne gå opp til eksamen i eit emne. Det blir gitt nærare informasjon om innhald i arbeidskrava, men gjennomgåande har arbeidskrava ei didaktisk grunngjeving knytt til det særeigne ved kvart emne.

Internasjonalisering

I undervisninga blir det lagt vekt på å trekke inn internasjonale perspektiv, eks. knytt til korleis internasjonale politiske føringar påverkar sektorane som kandidatane arbeider innanfor.