Hopp til innhald

Studieplan - Masterstudium i organisasjon og leiing

Hausten 2023

Masterstudiet i organisasjon og leiing er eit samfunnsvitskapleg studium med basis i organisasjonsfag. Studenten vel spesialisering i helse- og velferdsleiing, eller i utdanningsleiing.

I løpet av studiet skal studenten tileigne seg både generelle og sektorspesifikke kunnskapar om organisasjon og leiing, og studenten vil lære å analysere problemstillingar knytte til mellom anna organisering, profesjon, styring, samhandling og innovasjon innanfor utdannings- eller helse- og velferdssektorane.

Etter fullført studium skal kandidaten ha avansert kunnskap om leiing innafor dagens rammer av politiske føringar, lovverk og økonomiske prioriteringar.

Kandidaten skal kunne gå inn leiarstillingar og særleg sjølvstendige stillingar i offentleg forvaltning innan utdanning- eller helse- og velferdssektoren.

Studiet er eit deltidsstudium over fire år.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Etter fullført studium har kandidaten:

  • eit breitt organisasjonsteoretisk grunnlag for å kunne forstå skiftande og komplekse utfordringar slik dei står fram i gjennomorganiserte samfunn
  • inngåande kunnskapar om korleis internasjonale og nasjonale politiske føringar påverkar dei institusjonane kandidaten arbeider innanfor
  • avansert kunnskap om korleis endringar i offentleg sektor blir sett i verk gjennom reformer, og korleis dette skaper særskilde kontekstar for utøving av leiing
  • ei særskild innsikt i korleis ein kan analysere faglege problemstillingar og omforme desse til ei individuell leiarrolle tilpassa historiske, tradisjonelle og kontekstuelle føringar

Ferdigheiter

Etter fullført studium kan kandidaten:

  • bruke vitskaplege metodar på ei bruksretta problemstilling
  • gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing, i tråd med gjeldande forskingsetiske normer innanfor samfunnsvitskap, humaniora og jus
  • vurdere og bruke ulike typar vitskaplege kjelder og databasar på avansert nivå
  • analysere eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innanfor fagområdet
  • arbeide sjølvstendig med relevante metodar for forskingsbasert kunnskapsproduksjon knytt til problemstillingar i utdanningssektoren eller helse- og velferdssektoren

Generell kompetanse

Etter fullført studium kan kandidaten:

  • nytte kunnskapar og ferdigheiter i avansert arbeidsoppgåveløysing og prosjektgjennomføring
  • formidle omfattande vitskapleg arbeid
  • kommunisere både med ålmenta og andre fagfeller om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar
  • bidra til nytenking og innovasjon

Studiet kvalifiserer til følgjande stillingar og oppgåver:

  • leiarstillingar innan det feltet spesialiseringa er retta mot (helse- og velferdssektoren eller utdanningssektoren)
  • administrative stillingar innan sektorane, t.d. offentlege stillingar som krev kunnskapar om handsaming av saker knytte til institusjonar innan feltet, og/eller offentleg kontroll-, tilsyns- og forvaltningsansvar for slike institusjonar
  • sjølvstendige stillingar av typen prosjektleiing, utgreiing, planlegging, utviklingsarbeid og liknande

Innhald

Masterstudiet i organisasjon og leiing blir gjennomført som deltidsstudium over åtte semester. Studiet har to studieretningar: helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing. Medan nokre emne er knytt til spesialiseringa, er andre emne felles for dei to spesialiseringane.

Emna leier opp til og skal danne grunnlag for gjennomføring av masteroppgåva dei siste to semestera av studiet. Det blir lagt vekt på at studentane skal kunne nytte teoretiske perspektiv og omgrep til å drøfte empiriske problemstillingar knytt til utdanningssektoren eller helse- og velferdssektoren.

Arbeidsformer

Studiet er bygd opp rundt samlingar med førelesingar og gruppearbeid. På samlingane vil studentane møte varierte og problemorienterte arbeidsformer som casedrøftingar, øvingar og prosjektseminar med drøftingar av eige og andre sine prosjekt.

Mellom samlingane skal studentane arbeide med pensumlitteratur og oppgåver. Canvas blir nytta aktivt som lærings- og kommunikasjonsplattform.

Studiet stiller store krav til sjølvstendig pensumgjennomgang, ansvar for eiga læring mellom samlingane og aktiv tilnærming til dei problemstillingane studentane vert presenterte for.

Nokre samlingar kan bli gjennomførte virtuelt.

Vurderingsformer

Vurderingsformer varierer mellom dei ulike emna, og er nærare skildra i dei enkelte emneplanane.

Internasjonalisering

Det kan leggast til rette for utveksling i løpet av studiet. Kontakt studieprogramansvarleg for informasjon om gjeldande avtalar for utveksling.