IKT i læring

Master Hausten 2020

IKT i læring er eit tverrfagleg masterstudium for pedagogar og lærarar. Bruk og integrering av IKT i pedagogisk praksis og teori står sentralt i studiet.

HVL er ein av få institusjonar i landet som tilbyr eit slikt studium. Vi tok opp det siste kullet i 2020, og frå våren 2021 overtek det nye masterprogrammet Praktisk utdanningsvitskap.

IKT i læring kan gjennomførast på heiltid (2 år) eller på deltid (3 år).

Gjennom studiet tileignar du deg kunnskap om:

  • sentrale pedagogiske spørsmål som gir perspektiv på bruk av digitale verktøy
  • nye trendar innan IKT i læring
  • utviklingsverktøy på ulike nivå
  • praktisk og teoretisk kunnskap om fasane i eit forskingsprosjekt

Du kan velje mellom følgjande profilar/faglege fordjupingar: 

  • Teknologisk orientert profil, med vekt på korleis digitale verktøy blir brukt i enkeltfag. Her kan du fordjupe deg i utviklinga av digitale læremiddel og utvikling av nettstøtta læringsmiljø.
  • Allmenndidaktisk profil med vekt på pedagogisk utviklingsarbeid, der fordjuping kan knyttast til utviklingsarbeid innan skuleleiing, skuleutvikling, rettleiing, tilpassa opplæring eller andre relevante pedagogiske og/eller tverrfaglege tema.

Undervisningsmåtar

Studiet er samlingsbasert og nettstøtta, og det blir lagt til rette for fleksibel gjennomføring. Nettundervising og nettmøte blir gjennomført primært tysdag og onsdag, i økter på inntil to timar per emne.

Vil du studere meir?

Fullført utdanning kvalifiserer for opptak til ph.d.-studium.

Timeplan

Samlingsdatoar 2020-kullet:

  • 31.08–02.09.2020. Oppstart dag 1 kl. 10.00. Dei 2 fyrste dagane på campus Stord, siste dag 2. september er nettsamling.
  • 19.10–21.10.2020 Samlinga vert ein kombinasjon av campus og nettsamling. Alle forelesingar vert mogleg å sjå digitalt, så du vel sjølv om du vil møte eller delta digitalt.
  • 11.01 13.01.2021 Akademisk skriving
  • 07.04 - 09.04.2021 Forskingsskissesamling

 

Samlingsdatoar 2019-kullet:

  • Vitskapsteorisamling: 01.09 - 03.09.20. NB: samlinga vert digital, ikkje oppmøte på campus Stord.
  • Vitskapsteorisamling : 20.10 - 22.10.20
  • Analysesamling: 15.03 - 17.03.21