Studieplan - Tolking i offentleg sektor

Kull Hausten 2020

Tolking i offentleg sektor er eit samlings- og nettbasert studium på 30 studiepoeng over to semester. Studiet passar for deg som er to- eller fleirspråkleg, der norsk er eit av språka, og som ynskjer å bli tolk. Ved bestått eksamen kvalifiserer det til å bli registrert i det nasjonale tolkeregister på nivå 3. Det tas opp studentar i fire språk kvart år.

Studiet dannar grunnlag for opptak til vidare påbyggingsemnar i faget tolking/bachelorutdanninga i tolking i offentlig sektor ved OsloMet.

Tolking i offentleg sektor gir ein praktisk-teoretisk innføring i tolkefaget som førebur studentane på tolking av institusjonelle samtalar i norsk offentleg sektor, der tolking gjør fagpersonar i stand til å informere, rettleie og høyre partane i saker med språkbarriere. 

Læringsutbytte

Kunnskaper

Kandidaten har kunnskaper om

  • tolkeprofesjonen og yrkesetikk
  • tolkens ansvarsområde
  • institusjonelle samtalar
  • fagterminologi innen utvalgte fagområder innen offentleg sektor
  • tolketeknikk

Ferdigheiter

Kandidaten har ferdigheiter i

  • å reflektere over og vurdere etiske utfordringar og egen rolle i praksis
  • ulike språkkoder, tolketeknikkar og tolkemetodar
  • å kunne inngå i relasjonar med tolkebrukarar, tolkar og andre profesjonsutøvarar

Generell kompetanse

Kandidaten har generell kompetanse i

  • ulike yrkesetiske problemstillingar ved tolkeyrket
  • å opptre profesjonelt
  • å reflektere over egen praksis og tolkens rolle i samfunnet
  • arbeid med terminologi

Innhald

Studiet er organisert med tre samlingar à to dagar (fredag og laurdag) kvart semester. Mellom samlingane blir det 10 nettundervisningar per semester på vekedagar mellom kl 18-20. Plan for førelesningane vil angi dato for undervisninga, og vil være tilgjengeleg i god tid før studiestart.

Arbeidsformer

Undervisninga er organisert med forelesningar og gruppearbeid. Det blir forventa aktiv deltaking i undervisninga. Opptak av egen tolking, kasusstudium eller besøk i offentleg sektor dannar grunnlag for refleksjon over tolkens rolle og tolkeyrkets utfordringar. Studentanes eigne erfaringar som tolk vil være verdifulle bidrag til undervisninga. For å delta på nettundervisning må studentane ha tilgang til datamaskin og internett.

Vurderingsformer

Emne 1 avsluttast med ein individuell skriftleg eksamen i slutten av haustsemesteret.
Emne 2 avsluttast med ein praktisk eksamen i slutten av vårsemesteret.

Krav til studieprogresjon

Eksamen i "Tolking i offentlig sektor 1" må være bestått for å ta eksamen i "Tolking i offentlig sektor 2".