
Tolking i offentleg sektor
Halvtårsstudium
Har du lyst til å bli tolk? Jobbar du som tolk, men vil ha formell kompetanse? Då er dette studiet noko for deg!
Kvifor studere tolking i offentleg sektor?
Tolking i offentleg sektor er eit deltidsstudium som går over eit år og består av to emne. Emna fokuserer på profesjonskunnskap, yrkesetikk og tolking i praksis. Studiet er retta mot deg som vil jobbe som tolk, eller deg som allereie jobbar som tolk, men manglar formell kompetanse/tolkeutdanning.
Du kan studere tolking i offentleg sektor ved campus Bergen.
Studiet er eit samarbeid med Universitetet i Bergen, og skal førebu studentane på tolking av institusjonelle samtaler i norsk offentleg sektor. Oppstart: 1. september 2023.
Kva kan du jobbe med?
Dei fleste som jobbar som tolk er frilansarar. Det vil seie at dei ikkje er fast tilsett, men jobbar på oppdrag etter behov.
Ein kan få tilbod om tolkeoppdrag
- direkte fra offentlige etatar som har behov for tolk
- gjennom kommunale leverandørar av tolketenester
- gjennom private leverandørar av tolketenester
Enkelte tolkar er sjølvstendig næringsdrivande. Nokre kommunale tolkeformidlarar har fast tilsette tolkar i deltids- eller fulltidsstillingar.
Godkjent eksamen gir moglegheit til oppføring i kategori D i Nasjonalt tolkeregister.
Kva lærer du?
I løpet av studiet skal du tileigne deg grunnleggande kunnskap om tolkeprofesjonen og yrkesetiske aspekt ved tolkerolla. Du skal også tileigne deg kontekstuell kunnskap og kompetanse innan utvalde fagområde innanfor offentleg sektor og tilhøyrande terminologi både på norsk og på tolkespråket, samt ferdigheiter i tolketeknikk og tolkemetodar.
Studiet krev mykje praktisk språktrening og ein stor eigeninnsats mellom samlingane. Oppgåver vil bli gitt. Det er føresett aktiv bruk av tilvist materiale ved sjølvstudium.
For hausten 2023 kan du søkja opptak i desse språka:
- Arabisk
- Bulgarsk
- Mandarin
- Oromo
- Persisk
- Ukrainsk
Det er 30 studieplassar på studiet og det vil bli tatt opp studentar i dei fire språka med flest kvalifiserte søkarar.
Eit nett- og samlingsbasert studium
Tolking i offentleg sektor er eit nett- og samlingsbasert studium, med tre samlingar på to dagar per semester. Samlingane har fysisk oppmøte og føregår på HVL sin campus Bergen på Kronstad. I tillegg til samlingane blir det åtte nettmøte haust og 10 nettmøte vår. Det er krav om 80% tilstedeværelse.
Tidspunkt for samlingar og nettundervisning 2023-2024
Studiet startar opp 1. september 2023.
Det vil bli gjennomført samlingar i følgande veker hausten 2023: 35, 39 og 44. Våren 2024 blir det samlingar i vekene 2, 11 og 15.
Samlingane går over to dagar:
Fredag kl 11.15 – 17
Laurdag kl 09 – 15
Det vil bli nettundervisning (ein til to timar i tidsrommet mellom kl 18-20 på tysdagar) i følgande veker:
Hausten 2023: Veke 36, 37, 38, 40, 42, 43, 44 og 45
Våren 2024: Veke 4, 5, 6, 7, 10, 12, 15, 16, 17 og 18
Vurderingsformer
- Emne 1 avsluttast med ein individuell skriftleg eksamen i slutten av haustsemesteret.
- Emne 2 avsluttast med ein praktisk eksamen i slutten av vårsemesteret.
Langsiktig språkplan
Høgskulen på Vestlandet har i samarbeid med OsloMet utvikla ein langsiktig språkplan for dei ulike kvalifiseringstilboda for tolkar. Her kan du lese om kvalifiseringstilbodet.