Studieplan - Tolking i offentleg sektor
Hausten 2022
Tolking i offentleg sektor er eit samlings- og nettbasert studium på 30 studiepoeng over to semester. Studiet passar for deg som er to- eller fleirspråkleg, der norsk er eit av språka, og som ynskjer å bli tolk. Ved bestått eksamen kvalifiserer det til å bli registrert i det nasjonale tolkeregister i kategori D. Det tas opp studentar i dei fire språka med flest kvalifiserte søkarar.
Studiet dannar grunnlag for opptak til vidare påbyggingsemnar i faget tolking/bachelorutdanninga i tolking i offentlig sektor ved OsloMet.
Opptakskrav er generell studiekompetanse/realkompetanse og tilfredsstillende resultat frå Tospråktesten. Søkarar med utdanning frå utlandet som oppfyljer alle krav til generell studiekompetanse, bortsett frå språkkrav i engelsk, vil også kunne kvalifisere for opptak på bakgrunn av realkompetanse uavhengig av kravet til yrkespraksis.
Tolking i offentleg sektor gir ein praktisk-teoretisk innføring i tolkefaget som førebur studentane på tolking av institusjonelle samtalar i norsk offentleg sektor, der tolking gjør fagpersonar i stand til å informere, rettleie og høyre partane i saker med språkbarriere.
Læringsutbytte
Kunnskaper
Kandidaten har kunnskaper om
tolkeprofesjonen og yrkesetikk
tolkens ansvarsområde
institusjonelle samtalar
fagterminologi innen utvalgte fagområder innen offentleg sektor
tolketeknikk
Ferdigheiter
Kandidaten har ferdigheiter i
å reflektere over og vurdere etiske utfordringar og egen rolle i praksis
ulike språkkoder, tolketeknikkar og tolkemetodar
å kunne inngå i relasjonar med primærdeltakarar, tolkar og andre profesjonsutøvarar
Generell kompetanse
Kandidaten har generell kompetanse i
ulike yrkesetiske problemstillingar ved tolkeyrket
å opptre profesjonelt
å reflektere over egen praksis og tolkens rolle i samfunnet
arbeid med terminologi
Innhald
Studiet er organisert med tre samlingar à to dagar (fredag og laurdag) kvart semester. Mellom samlingane blir det 10 nettundervisningar per semester på vekedagar mellom kl 18-20. Plan for førelesningane vil angi dato for undervisninga, og vil være tilgjengeleg i god tid før studiestart.
Arbeidsformer
Undervisninga er organisert med forelesningar og gruppearbeid. Det blir forventa aktiv deltaking i undervisninga. Opptak av egen tolking, kasusstudium og/eller eigne erfaringar dannar grunnlag for refleksjon over tolkens rolle og tolkeyrkets utfordringar. For å delta på nettundervisning må studentane ha tilgang til datamaskin og internett.
Vurderingsformer
Emne 1 avsluttast med ein individuell skriftleg eksamen i slutten av haustsemesteret.
Emne 2 avsluttast med ein praktisk eksamen i slutten av vårsemesteret.
Krav til studieprogresjon
Eksamen i «Tolking i offentlig sektor 1» må være bestått for å ta eksamen i «Tolking i offentlig sektor 2».