Hopp til innhald

Studieplan - Tolking i offentleg sektor

Hausten 2023

Tolking i offentleg sektor er eit samlings- og nettbasert studium på 30 studiepoeng over to semester. Studiet passar for deg som er to- eller fleirspråkleg, der norsk er eit av språka, og som er eller ynskjer å bli tolk. Ved bestått eksamen er du kvalifisert til å bli oppført i det nasjonale tolkeregister i kategori D. 

Studiet dannar grunnlag for opptak til vidare påbyggingsemnar i faget tolking ved HVL eller OsloMet og bachelorutdanninga i tolking i offentlig sektor ved OsloMet.

Dette studiet gjer ein praktisk-teoretisk innføring i tolkefaget som førebur studentane på tolking av institusjonelle samtalar i norsk offentleg sektor, der tolking gjer fagpersonar i stand til å informere, rettleie og høyre partane i saker med språkbarriere. 

Læringsutbytte

Kunnskaper

Kandidaten

  • har kjennskap til tolkeprofesjonen og yrkesetikk
  • har kunnskap om tolkens ansvarsområde og tolketeknikk
  • kjenner til forhold ved institusjonelle samtalar
  • har kunnskap om fagterminologi innen utvalgte fagområder innen offentleg sektor

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan reflektere over og vurdere etiske utfordringar og egen rolle i praksis
  • kan anvende ulike språkkoder, tolketeknikkar og tolkemetodar
  • kan inngå i relasjonar med primærdeltakarar, tolkar og andre profesjonsutøvarar

Generell kompetanse

Kandidaten 

  • kan reflektere rundt ulike yrkesetiske problemstillingar ved tolkeyrket
  • kan opptre profesjonelt
  • kan reflektere over egen praksis og tolkens rolle i samfunnet
  • kan arbeide med og oppdatere terminologi

Innhald

Studiet er organisert med tre samlingar med fysisk oppmøte à to dagar (fredag og laurdag) kvart semester. Mellom samlingane blir det 8-10 nettundervisningar per semester på tirsdagar mellom kl 18-20. Plan for førelesningane vil angi dato for undervisninga, og vil være tilgjengeleg i god tid før studiestart.

Arbeidsformer

Undervisninga er organisert med forelesningar og gruppearbeid. Det er krav om 80 % deltaking i all studentaktiv undervisning. Opptak av egen tolking, kasusstudium og/eller eigne erfaringar dannar grunnlag for refleksjon over tolkens rolle og tolkeyrkets utfordringar. For å delta på nettundervisning må studentane ha tilgang til datamaskin og internett.

Vurderingsformer

Emne 1 avsluttast med ein individuell skriftleg eksamen i slutten av haustsemesteret.
Emne 2 avsluttast med ein praktisk eksamen i slutten av vårsemesteret.

Krav til studieprogresjon

Eksamen i «Tolking i offentlig sektor 1» må være bestått for å ta eksamen i «Tolking i offentlig sektor 2».