Vernepleie

Bachelor Hausten 2020

Ønskjer du å legge til rette for god livskvalitet for menneske med fysiske, psykiske eller sosiale funksjonsvanskar? Som vernepleiar arbeider du for å fremme sjølvstyring, deltaking, meistring, helse og livskvalitet for personar med ulike funksjonsvanskar.

Som vernepleiar må du vere empatisk og omsorgsfull, og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Utdanninga gir deg både miljøterapeutisk og helsefagleg kompetanse til å arbeide med menneske med nedsette og ofte samansette funksjonsvanskar. Det kan gjelde menneske med utviklingshemming, menneske som har fysiske funksjonsvanskar, psykiske lidingar, rusproblem eller aldersdemens.

Du lærer

  • å sjå og forstå behov hos menneske med samansette funksjonsvanskar
  • å analysere etiske problemstillingar
  • å kommunisere og samarbeide med brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • å planlegge og sette i verk tiltak for at brukaren skal kunne delta i samfunnet

Du har emne som miljøarbeid, habilitering og rehabilitering, helsefag, psykologi, jus, samfunnsfag og pedagogikk.

Dersom du vel emnet Global Knowledge tileignar du deg tverrkulturell kompetanse og global forståing, og har praksisopphald i Zambia eller Sør-Afrika.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, seminar, presentasjonar, praktiske øvingar med meir. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet.

Praksis

Praksis utgjer 25 % av studiet, og foregår i 2. og 3. studieår.

Vil du studere meir?

Du kan ta ulike master- og vidareutdanningar ved HVL eller andre utdanningsinstitusjonar, og spesialisere deg innan eit fagfelt du interesserer deg særleg for.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 5. semester.

Kor kan du reise?

Sjå korleis det er!