Vernepleie

Bachelor Hausten 2020

Som vernepleier arbeider du med å fremme sjølvråderett, deltaking, meistring, helse og livskvalitet for personar med ulike og samansette funksjonsvanskar. Du må vere empatisk og omsorgsfull, og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Ved vernepleieutdanninga lærer du om psykologi, sosialt arbeid og pedagogikk. I tillegg får du innføring i sjukdommar og legemiddel. Slik får du kunnskap om korleis menneske med sosiale og/eller helseufordringar kan få eit best mogleg høve til personleg utvikling.

 

Arbeidet er særleg knytt opp til personar med utviklingshemming, men vernepleiaren jobbar også med menneske som har fysisk nedsett funksjonsevne, psykiske vanskar, rusavhenge og demens.

Undervisningsmåtar

På studiet møter du varierte læringsformer som forelesning, prosjektarbeid, feltarbeid, ferdigheitstrening og praksis.

Praksis

Studiet har obligatorisk praksis. Praksisstudia utgjer i alt 55 studiepoeng, fordelt på tre praksisperiodar: 9 veker med helse og omsorgspraksis, 12 veker med miljø- og aktivitetspraksis samt 12 veker med system- og endringspraksis.

Gjennom praksisperiodane får du erfaring med yrket og ferdigheiter i å samarbeide med brukarar og yrkesutøvarar. Minst ein av praksisperiodane skal vere i arbeid med personar med utviklingshemming. Det er særleg læringsmål knytt til ferdigheiter og generell kompetanse som står i fokus i dei tre praksisperiodane.

Vil du studere meir?

Bachelor i vernepleie kvalifiserer for opptak til vidare studium og mastergradsstudium.

Utveksling

Du kan reise på utveksling i andre og tredje studieår. Vi samarbeider med universitet i Norden, Europa, Australia, USA og Tanzania. Vi har også utanlandske studentar på utvekslingsopphald i utdanninga vår.

Kor kan du reise?

SimArena

SimArena er vårt simuleringssenter i Bergen, med 35 laboratorium med topp moderne medisinsk-teknisk utstyr.