Studieplan - Aktiv omsorg - bevegelse, naturopplevingar og deltaking, vidareutdanning
Hausten 2021
Aktiv omsorg skal bidra til å fremje meistring, kvardagsrehabilitering, positive opplevingar, sosial deltaking, og helse. Studiet legg vekt på kunnskap om bevegelse, naturopplevingar og deltaking.
Føremålet med utdanninga er å i møtekomme behovet for auka kompetanse om bevegelse, naturoppleving og deltaking for å styrke helse, sosial fungering og meistring.
Studiet er aktuelt for ulike yrkesgrupper i offentleg og privat sektor t.d. lærarar (barnehage/ grunnskule), tilsette innan helse- og sosialomsorga og spesialhelsetenesta.
Læringsutbytte
Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten...
- har avansert kunnskap om og erfaring med bevegelse og naturopplevingar som reiskap i eiga yrkesutøving.
- kan analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i kva eit aktivt liv har å seie for livskvalitet og helse.
- har inngåande kunnskap om relasjonskompetanse, nettverk og tverrprofesjonelt samarbeid.
Ferdigheiter:
Studenten...
- kan analysere teoriar og metodar innan bevegelse og naturopplevingar, og arbeide sjølvstendig med å planleggje og setje i verk tiltak/prosjekt som legg til rette for aktiv deltaking.
Generell kompetanse:
Studenten...
- kan anvende fagleg kunnskap, ferdigheiter og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid innan området for å treffe grunngjevande val for tiltak.
Innhald
Aktiv omsorg; bevegelse, naturopplevingar og deltaking arbeid er ei vidareutdanning på 30 (15+15) studiepoeng. Den er bygd opp av to emne på 15 studiepoeng: MT 500 Fysisk aktivitet og naturopplevingarog MT501 Fysisk aktive deltakarar. Kvart emne har tre samlingar à fire dagar ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal.
Dei to emna kan saman, eller kvar for seg gå inn som valfrie emne i mastergradsstudiane; Samhandlig og folkehelse ved HVL og Meistring og myndiggjering, Høgskulen i Volda.
Arbeidsformer
Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av førelesingar, digitale undervisnings- og læringsformer, aktivitetar, arbeid i grupper og seminar med rettleiing. I tillegg skal studenten gjere arbeidsoppgåver mellom samlingane. Canvas vert nytta som elektronisk læringssystem.
Vurderingsformer
Vidarautdanninga nyttar vurderingsformene: heimeeksamen og oppgåve.
Vurderingsuttrykk som nyttast er gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.
Krav til studieprogresjon
Ingen
Opptakskrav
Det generelle kravet for å bli tatt opp til vidareutdanninga er treårig utdanning på høgskulenivå.
- Bachelorgrad, eller tilsvarande, i helse-, sosial-, eller idrettsfag.
- Allmennlærarutdanning eller førskulelærar
- Andre med minimum tre års høgare utdanning, eller tilsvarande, med relevant fagsamansetning og eit større skriftleg fordjupingsoppgåve, kan etter vurdering bli tatt opp.