Studieplan - Master i ansvarleg innovasjon og entreprenørskap
Hausten 2025
Masterprogrammet skal byggje på kompetansen til studentane frå bachelorgraden og gir fleirfagleg og tverrfagleg kunnskap innanfor ansvarleg innovasjon og entreprenørskap.
Ansvarleg innovasjon omfattar nye teknologiar, produkt, prosessar og forretningsmodellar som kan løyse både økonomiske, miljømessige og samfunnsmessige utfordringar. Studiet vil gi ei forståing for korleis slike ansvarlege innovasjonar bidreg til berekraftig verdiskaping, dvs. økonomisk, miljømessig og sosial verdiskaping som tek omsyn til både noverande og framtidige behov. Mens ansvarleg innovasjon handlar om korleis ulike typar innovasjonar (til døme teknologiske og sosiale innovasjonar) vert utvikla på ansvarlege måtar (til døme gjennom inkluderande, etiske og reflekterande prosessar), dreier berekraftig verdiskaping seg om kva tyding slike innovasjonar får for nærings- og samfunnsutviklinga.
Entreprenørskap handlar om korleis individ eller grupper skapar og introduserer innovasjonar, enten i etablerte verksemder eller gjennom oppstartsverksemder. Entreprenørskap krev innsikt i entreprenørielle tankesett og strategiar, kreativitet og innsikt i ulike innovasjonsmetodikkar og verktøy. Dette inneber også eit fokus på korleis entreprenørar nyttar ansvarlege metodikkar og strategiar for å sikre berekraftige, inkluderande og reflekterande innovasjonsprosessar og berekraftig verdiskaping.
Masterprogrammet ønskjer å rekruttere både studentar som ønskjer å utvikle ei eiga verksemd (studententreprenørar) og studentar som ønskjer å jobbe med innovasjonsprosessar i eksisterande verksemder eller organisasjonar innanfor næringslivet, offentleg sektor og frivillig sektor.
Etter endt utdanning kan studentar jobbe i store etablerte selskap, i mindre oppstartsverksemder eller i verksemder som tilretteleggjar for innovasjon, slik som inkubatorar og klyngeorganisasjonar. Studentane kan også jobbe med å leggje til rette for innovasjon i offentleg og frivillig sektor. Praksisopphold i bedrift eller andre organisasjonar i løpet av masterutdanninga gir også jobbmoglegheiter. Du får også god innsikt i korleis du kan utvikle egen bedrift og egne innovasjonsidear.
Nokon vel også å gå vidare til Ph.d.-studium. Ved HVL kan du til dømes søkje opptak til doktorgradsprogrammet i Ansvarleg innovasjon og regional utvikling.
Opptakskrav
- Bachelorgrad med 80 studiepoeng fordjuping innanfor:
- Innovasjon og/eller entreprenørskap
- Ingeniør- og realfag
- Berekraft
- Samfunnsvitskap, administrasjon og økonomi
- Design
- Helsefag
- Fagleg minstekrav er et karaktersnitt på C.
Læringsutbytte
Etter fullført masterstudium i ansvarleg innovasjon og berekraftig verdiskaping skal kandidaten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten …
• har inngåande kunnskap om den økonomiske, miljømessige og samfunnsmessige tydinga av innovasjon
• har inngåande kunnskap om korleis ansvarleg innovasjon kan bidra til berekraftig verdiskaping
• har inngåande kunnskap om korleis innovasjon vert påverka av ulike kontekstar
• har inngåande kunnskap om entreprenørar og kva dei har å seie for berekraftig verdiskaping
• har avansert kunnskap om forskingsområda innovasjon og entreprenørskap og praktisk-orienterte metodar på same fagfelt
• har inngåande kunnskap om ulike innovasjonsmetodikkar og entreprenøriell tenking
• har inngåande kunnskap om innovasjonsleiing og innovasjonsstrategiar med ei tverrfagleg tilnærming
• har inngåande innsikt i korleis ein kan implementere innovasjonar (til dømes teknologiske og sosiale innovasjonar) i marknaden, i verksemder og i andre organisasjonar, inkludert vurdering av moglegheiter og avgrensingar i de dei ulike løysningane.
• kan analysere faglege akademiske og praktisk-orienterte problemstillingar innanfor innovasjon og entreprenørskapsområdet med utgangspunkt i anerkjende teoriar og nytte denne kunnskapen på nye område
• har avansert kunnskap om forskingsdesign og sentrale metodar innanfor kvalitativ og kvantitativ forsking
Ferdigheiter
Kandidaten …
• kan analysere og nytte ulike teoretiske perspektiv på ansvarleg innovasjon og entreprenørskap på ein kritisk og sjølvstendig måte
• kan analysere utfordringar som er knytte til oppstartsfasen av verksemder og utføre sentrale entreprenørskapsoppgåver
• kan nytte resultat frå forskings- og utviklingsarbeid og kombinere problemløysing med analyse av implementeringsutfordringar i organisasjon og marknad, for på ein sjølvstendig måte å komme fram til praktisk og teoretisk problemløysing
• kan vurdere relevansen til ulike innovasjonsmetodikkar og kan nytte slike metodikkar i arbeidet med å realisere ein idé
• kan identifisere utfordringar i innovasjons- og entreprenørskapssystem og analysere rollene til aktørane og samspel i system, og nytte dette i analysar og faglege resonnement som er knytte til ansvarleg innovasjon og berekraftig verdiskaping
• kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
Generell kompetanse
Kandidaten …
• kan analysere relevante akademiske og praktisk-orienterte problemstillingar på individ-, team-, bedrifts-, nettverks- og systemnivå
• kan nytte kunnskap og ferdigheiter i tverrfagleg samarbeid på nye område for å gjennomføre ansvarleg innovasjon og sikre ei berekraftig verdiskaping
• kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor fagområdet, både med spesialistar og til allmenta
• kan bidra til nytenking, ansvarleg innovasjon og berekraftig verdiskaping i samfunns- og arbeidsliv.
Innhald
Masterprogrammet har to sentrale kunnskapsområde: innovasjon og entreprenørskap.
Innovasjonsstudiar skal gi studentane ei forståing av korleis innovasjon (nye teknologiar, produkt, prosessar, organisasjonsformer) blir utvikla og teke i bruk. Studiet legg vekt på at innovasjonar skal vere ansvarlege og bidra til berekraftig verdiskaping. Det vil bli drøfta kva innovasjonar har å seie både for organisasjonar, bransjar, regionar og samfunn.
Entreprenørskapsfeltet er knytt til korleis entreprenøren, gjennom kreativ praksis skapar og introduserer innovasjonar. Entreprenørar har dermed ei viktig rolle for å sikre berekraftig verdiskaping. Entreprenørskap finn stad både innanfor næringslivet, offentleg sektor og frivillig sektor. Entreprenørar kan både bidra til endring i eksisterande verksemder/organisasjonar og etablere nye verksemder/organisasjonar.
Kunnskapsområda innovasjon og entreprenørskap utfyller kvarandre og bidreg samla sett til at studentane ved masterprogrammet får ei inngåande teoretisk og praktisk forståing av korleis innovasjon og entreprenørskap kan bidra til berekraftig verdiskaping.
Kandidatane vil få kunnskap som gjer at dei både kan forstå innovasjons og entreprenørskapsprosessar og kan gjennomføre innovasjons- og entreprenørskapsaktivitetar med vekt på ansvarskjensle og berekraft gjennom praksisbasert læring (‘learning by doing’). I alle emna blir det lagt vekt på samarbeid på tvers av studentanes bakgrunnar/disiplinar, tverrfaglege utfordringar og oppgåver, tverrfaglege perspektiv på ansvarleg innovasjon og kritisk refleksjon kring skaping, bruk og innføring av til dømes grøne teknologiske og sosiale innovasjonar i næringslivet, i offentleg sektor og i frivillig sektor.
Masterprogrammet skal førebu studentane på ein ny og meir krevjande kvardag og legg derfor vekt på samarbeid på tvers av ulike fag og disiplinar, korleis tverrfaglege utfordringar og oppgåver kan løysast, kva god leiing har å seie i innovasjonsprosessar, og korleis ein kan nytte kritisk refleksjon i samband med skaping, bruk og innføring av innovasjonar.
I 1. og 2. semester inngår det emne som gir innsikt i ulike perspektiv og modellar for innovasjon og entreprenørskap. Bruk av teori og praksisbasert læring er viktige element i emna MOØ240 - Innovasjon og entreprenørskap i praksis i ein regional kontekst (2. semester) og INN524 - Innovasjon i tverrfaglege studentteam (3. semester). Heile 4. semester er sett av til masteroppgåva. I 1. semester kan studentane velje å ta eitt av to praksisbaserte eller anvendte emnar: ADA525 - Rapid protoyping med bruk av digitale verktøy eller INN527 – Innovasjon, samfunnsutfordringer og samskaping.
Praksis
Praksis i etablert verksemd, oppstartsverksemd, klyngjeorganisasjon, offentleg organisasjon, frivillig organisasjon mm. i 10 ukar i 2. semester (MOØ240, 20 studiepoeng).
Arbeidsformer
Masterprogrammet har varierte arbeids- og undervisningsformer. Utover forelesingar er det ulike studentaktive læringsformer som omfattar oppgåver og gruppearbeid, skriving av tekstar og refleksjonsrapportar, studentaktive seminar der studentar presenterer fagartiklar og bedriftsdøme og arbeider i gruppe og diskuterer aktivt med faglærarar og medstudentar. Tre emne har sterkt innslag av praksisbasert læring, og i andre semester skal studentane hospitere i ei bedrift eller organisasjon i 10 veker.
Studentane er forventa å vere aktive i undervisninga gjennom å stille spørsmål, svare på spørsmål og å vise evne til kritisk refleksjon over fagstoffet.
For å gjere undervisninga praksisnær blir det henta inn gjesteforelesarar, og det blir gjennomført bedriftsbesøk og besøk til aktørar i det entreprenørielle økosystemet. Studentane arbeider med verkelege bedriftsdøme, og studiet er tett knytt til det regionale næringslivet.
Detaljert informasjon om arbeidskrav og undervisnings- og læringsformer er å finne i skildringa av kvart enkelt emne.
Vurderingsformer
Dei fleste emna har kombinerte eksamensformer med éi eller fleire skriftlege oppgåver (gruppeoppgåve/essay, heimeeksamen, refleksjonsrapport) og skriftleg eller munnleg eksamen. På fleire av emna jobbar studentane i grupper med prosjekt/oppgåver som inngår i vurderinga. I alle emne inngår det arbeidskrav som omfattar presentasjonar av fagartiklar, bedriftsdøme og/eller presentasjon av resultat frå gruppearbeid og innleveringar.
Detaljert informasjon om vurderingsformer er å finne i skildringa av kvart enkelt emne.
Internasjonalisering
Studentane kan velje studie- og praksisopphald ved Universitetet i Stellenbosch og Universitetet i Pretoria i Sør-Afrika i 2.semester fra medio mars til juni (tilsvarar MOØ240-emnet). Studentane kan også reise på utveksling i hele 2. semester til Eindhoven University of Technology i Nederland.