Ansvarleg innovasjon og regional utvikling

Ph.d.

Ph.d.-programmet Ansvarleg innovasjon og regional utvikling (Responsible Innovation and Regional Development - RESINNREG) er ei framtidsretta forskarutdanning med vekt på ansvarleg innovasjon for ei berekraftig regional utvikling.

Vil du forske på industriell innovasjon, grøn innovasjon eller innovasjon innan offentleg sektor?

Forskinga i dette programmet er organisert i tre strategiske tverrfakultære forskingsprogram på felta industriell innovasjon, grøn innovasjon og innovasjon innan offentleg sektor.

Du finn meir informasjon om ph.d.-programmet på dei engelske nettsidene våre.

bilde av Jill Merethe Loga

Jill Merethe Loga

Fagleg leiar for ph.d.-programmet

RESINNREG går på tvers av fleire fakultet ved HVL. Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap er vertsfakultet og har det faglege og administrative ansvaret for programmet.

Utveksling

Vi oppfordrar deg sterkt til å tilbringe ein periode på inntil seks månader i utlandet som gjestestipendiat i relevant avdeling/forskingsgruppe. Slike besøk kan akkreditere inntil 5 studiepoeng, med forbehald om godkjenning av programkomiteen.

Kor kan du reise?

Romania | West University of Timișoara

Spania | University of Salamanca

Storbritannia og Nord-Irland |

Sverige | University West