Studieplan - Master i avansert klinisk allmennsjukepleie

Hausten 2021

Masterutdanninga i avansert klinisk allmennsjukepleie ved HVL utdannar kandidatar som er kvalifiserte til å yte heilskapleg helsehjelp til pasientar i alle aldrar med somatiske, psykiske og rusrelaterte helseutfordringar og sjukdommar. Masterprogrammet følgjer dei nasjonale krava til fagleg innhald og omfang gitt i forskrift om nasjonal retningslinje for masterutdanning i avansert klinisk allmennsykepleie

Masterutdanninga skal kvalifisere sjukepleiarar til sjølvstendig yrkesutøving og utvida funksjons- og ansvarsområde i helse- og omsorgstenesta i kommunane. Fagområdet i masterprogrammet dekkjer helsefremjande, sjukdomsførebyggjande, behandlande, rehabiliterande og/eller lindrande perspektiv. Allmennsjukepleiarar skal bidra til heilskaplege pasientforløp, ta vare på pasienten i kritiske overgangar og bidra til trygge, verknadsfulle og samordna tenester med god ressursutnytting og til innovasjon, betringsarbeid og systematisk brukarinvolvering.

Master i avansert klinisk allmennsjukepleie gir kompetanse innan dei følgjande tenestene:

  • heimebaserte helse- og omsorgstenester
  • sjukeheim og andre kommunale institusjonar
  • kommunal akutt døgneining
  • tenester lokalisert i helsehus
  • legevaktstenester
  • einingar for psykisk helsearbeid og rustenester
  • overgrepsmottak
  • såreiningar og kommunale sjukepleieklinikkar
  • primærhelseteam
  • oppfølgingsteam
  • bustader for barn og unge med omfattande hjelpebehov

Gjennomført studieprogram kvalifiserer til opptak ved eit relevant doktorgradsprogram. Ved HVL kan studenten søkje opptak ved ph.d.-programmet helse, deltaking og funksjon og ph.d.-programmet ansvarleg innovasjon og regional utvikling.

Ifølgje forskrift om spesialistgodkjenning for sykepleiere kan sjukepleiarar med norsk godkjenning og graden master i avansert klinisk allmennsjukepleie søkje Helsedirektoratet om spesialistgodkjenning. Forskrifta blei vedteken november 2019 med heimel i helsepersonelloven (lenke til forskrifta). Det er mogleg å søke lønstilskot frå Helsedirektoratet til å gjennomføre utdanning innan avansert klinisk allmennsjukepleie.

Kompetanseområdet og læringsutbyttet er fastsette i forskrifta. Master i avansert klinisk allmennsjukepleie har fire kompetanseområde:

1 klinisk vurderings-, avgjerds- og handlingskompetanse
2 helsekompetanse, pasientopplæring og rettleiing
3 fagleg leiing og koordinering

4 kunnskapsbasert fagutvikling, tenesteforbetring og innovasjon

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha føljande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Kandidaten...

  • har brei kunnskap om anatomi, fysiologi, patofysiologi og mikrobiologi.
  • har brei kunnskap om smittestoff, smitterisiko, antibiotikabruk, resistensutvikling og infeksjonsførebyggjande tiltak.
  • har inngåande kunnskap om dei vanlegaste akutte og kroniske sjukdommane og helseproblema hos pasientar i kommunale helse- og omsorgstenester
  • har brei kunnskap om farmakologi, legemiddelbehandling og legemiddelhandtering, også om biverknader, legemiddelinteraksjonar og systematisk legemiddelgjennomgang
  • har brei kunnskap om korleis aktuell livssituasjon, livsstil, sosioøkonomiske forhold og språkleg og kulturell bakgrunn påverkar helse, sjukdom, behandling og sjukepleie
  • har brei kunnskap om systematiske kliniske undersøkingsmetodar og standardiserte vurderingsverktøy til bruk i yrkesutøvinga
  • har inngåande kunnskap om overgangar i pasientforløpet og korleis ein kan sjå til at desse skjer på ein god måte
  • har inngåande kunnskap om førebyggjande og rehabiliterande sjukepleietiltak
  • har inngåande kunnskap om sjukepleiefagleg palliasjon ved livsforkortande sjukdom gjennom heile sjukdomsforløpet
  • har kunnskap om vanlege reaksjonar og behov til pasientar, brukarar og pårørande sett i lys av alder, kjønn og sosiale og kulturelle forhold
  • har inngåande kunnskap om inkludering, likestilling og ikkje-diskriminering og kan bidra til likeverdige helse- og omsorgstenester for alle grupper i samfunnet, inklusive nasjonale minoritetar og rettane til samar som urfolk
  • har kunnskap om helsepedagogikk, mellom anna korleis ein skal kartleggje og aktivere helseressursar hos brukarar, pasientar og pårørande, og har inngåande kunnskap om effektive meistringsstøttande tiltak
  • har inngåande kunnskap om korleis variasjonar i helsekompetanse påverkar sjukdomsforståing, sjukdomshandtering, meistring og eigenomsorg hjå ulike pasient- og brukargrupper
  • har inngåande kunnskap om oppbygginga av helse- og omsorgstenesta, inkludert kunnskap om organisering, rammer og styring og om relevant lovverk
  • har inngåande kunnskap til kva som kjenneteiknar heilskaplege pasientforløp og risikofylte overgangar
  • har inngåande kunnskap om samhandling, tverrsektorielt samarbeid og tenestekoordinering som er relevant for yrkesutøvinga
  • har avansert kunnskap om pasienttryggleik, mellom anna retten samar har til språkleg og kulturelt tilrettelagde tenester
  • har avansert kunnskap om fagleg leiing og rettleiing som er relevant for yrkesutøvinga
  • kan analysere faglege problemstillingar med utgangspunkt i kunnskapsgrunnlaget til fagområdet, og fagområdets historie, tradisjon, rolle og funksjon i samfunnet
  • har inngåande kunnskap om prinsippa for kunnskapsbasert praksis og metodar for systematisk innhenting, vurdering og implementering av ny kunnskap
  • har avansert kunnskap om sentrale sjukepleievitskaplege perspektiv som er relevante for å kunna utøva og vidareutvikla yrkesrolla
  • har inngåande kunnskap om vitskapsteori, metode og forskingsetikk
  • har spesialisert innsikt i eit valt fordjupingsområde innanfor avansert klinisk allmennsjukepleie
  • har avansert kunnskap om pasienttryggleik, fagleg leiing og rettleiing i arbeid med tenesteforbetring og innovasjonsprosessar
  • har inngåande kunnskap om systematisk arbeid med kvalitetsbetring og føresetnader for vellukka endringsprosessar
  • har brei kunnskap om brukarmedverknad i forsking og utviklings- og betringsarbeid

Ferdigheiter:
Kandidaten...

  • kan gjennomføre systematiske og sjukepleiefagleg relevante undersøkingar og vurdere helsetilstanden til pasientar
  • kan identifisere, vurdere og analysere teikn til endring i helsetilstanden til pasienten og gjere kvalifiserte vurderingar, gjennomføre faglege resonnement i vurderinga av helsetilstanden og setje i verk relevante sjukepleiefaglege tiltak
  • kan analysere samansette pasientsituasjonar for å kunne planleggje og gjennomføre heilskapleg sjukepleie, sikre nødvendig helsehjelp og foreslå oppfølgingstiltak i samarbeid med andre faggrupper
  • kan analysere og ha ei kritisk haldning til kulturkompetanse og kulturforståing som omgrep i vurdering, planlegging, gjennomføring og evaluering av sjukepleie
  • kan handtere akutte helsesituasjonar på ein sikker og trygg måte i samarbeid med andre profesjonar og tenester
  • kan bruke kartleggingsverktøy for å vurdere ressursar, helsekompetanse og grad av psykisk, fysisk og sosial meistring
  • kan analysere levevanane, ressursane, meistringsevna og den sosiale situasjonen til pasientane i lys av mellom anna den språklege og kulturelle bakgrunnen deira og setje i verk tiltak som fremjar helse og førebyggjer eller avgrensar helsesvikt
  • kan bruke relevante metodar for at pasientar blir tatt med på avgjerder som omhandlar dei, vise forståing for kompleksiteten i brukarmedverknad og kunne bidra til auka brukarmedverknad i tenestene, mellom anna ved å ta omsyn til retten samar har til språkleg og kulturelt tilrettelagde tenester
  • kan bruke anerkjende pedagogiske prinsipp til å rettleie og undervise personell i komplekse pasientsituasjonar
  • kan analysere kliniske, faglege og etiske problemstillingar innanfor sitt eige fagområde
  • kan analysere relevante teoriar, metodar og fortolkingar og gjennomføre eit avgrensa vitskapleg arbeid i tråd med forskingsetiske retningslinjer under rettleiing
  • kan bruke relevante metodar for å innhente, systematisk vurdere og nytte kunnskap i fagutvikling og betringsarbeid
  • kan bruke relevante metodar for å vurdere pasienttryggleik og behov for betring av tenestene
  • kan gjennomføre utviklings- og betringsarbeid med utgangspunkt i relevant fagkunnskap, forskingskunnskap, brukarkunnskap og erfaringskunnskap

Generell kompetanse:
Kandidaten...

  • kan nytte kunnskapane og evnene som blir kravde i yrkesrolla som avansert klinisk allmennsjukepleier, til å ta avgjerder om sjukepleietiltak, gjennomføre sjukepleietiltak, anten åleine eller i samarbeid med andre, og følgje opp etter at diagnostikk og behandling er fastsett
  • kan innhente spesialisert kunnskap frå relevante fagområde og tilpasse og nytte kunnskapen i utøvinga av yrkesrolla
  • kan nytte kommunikasjons- og samhandlingsmetodar for å sikra at pasientar, brukarar og pårørande sin medverknad og autonomi blir teken vare på i alle ledd
  • kan nytte kunnskapsbaserte og helsepedagogiske metodar for å undervise og rettleie pasientar, brukarar og pårørande på ein måte som er tilpassa helsekompetansen deira, for å støtte pasientane i å ta velinformerte avgjerder og fremje meistring, funksjon og livskvalitet
  • kan nytte kunnskapane sine om korleis diagnose og behandling kan påverke seksualitet, fysisk og psykisk, og rettleie pasientar og pårørande om dette
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar med legar, anna helsepersonell og andre faggrupper for å bidra til forsvarlege og kvalitativt gode helse- og omsorgstenester til pasientane
  • kan bidra til koordinering og kontinuitet på tvers av tenester og sektorar for å medverke til pasienttryggleik og heilskaplege pasientforløp
  • kan bidra til å involvere pasientar, brukarar, pårørande og sosialt nettverk på individ- og systemnivå
  • kan nytte kunnskapane og evnene sine til å leie og å arbeide effektivt i team, har god forståing for grensene for sin eigen kompetanse, har innsikt i kompetansen i andre profesjonar og veit når ein bør involvere desse
  • kan innhente og nytte kunnskap for å utvikle sin eigen kompetanse og dermed bidra til høg kvalitet på sitt eige kliniske arbeid
  • kan analysere faglege problemstillingar og bidra i diskusjonar om utvikling av yrkesrolla,
  • kan rettleie studentar
  • kan analysere og nytte relevante etiske teoriar og prinsipp i yrkesutøvinga og drøfte problemstillingar som har å gjere med prioritering av helsehjelp
  • kan nytte kunnskapane og evnene sine for å gjennomføre og grunngi fagleg forsvarlege prioriteringar av helsehjelp i lys av nytte, tilgjengelege ressursar, alvorsgrad og helseøkonomiske faktorar
  • kan kommunisere med legar og anna helsepersonell, særleg i akutte og ustabile situasjonar, på ein måte som tek vare på personvernet og pasienttryggleiken
  • kan nytt kunnskapane og evnene sine til å koordinere tenester, leie tverrfaglege team og leie samhandling på tvers av grupper, sektorar, tenester og instansar
  • kan nytte kunnskapane og evnene sine til å implementere kunnskapsbasert praksis for å oppnå ønskte effektar
  • kan analysere og delta i relevant innovasjons- og forskingsarbeid for å forbetre helse- og omsorgstenestetilbodet generelt og sjukepleietilbodet spesielt, til alle pasientar og brukarar i dei kommunale helse- og omsorgstenestene, også til pasientar med samansette og langvarige sjukdommar
    • kan bidra til at implementering av velferdsteknologi er fagleg forsvarleg, og, i samarbeid med pasientar og pårørande, til forsvarleg bruk av medisinsk teknisk utstyr

Innhald

Utdanninga har eit omfang på 120 studiepoeng. Masterprogrammet er lagt opp som eit samlingsbasert deltidsstudium over åtte semester slik at det kan kombinerast med yrkesarbeid. Studiet er bygd opp slik at det skal dekkje dei fire kunnskapsområda og gi det læringsutbyttet som er fastsett i forskrifta, noko som krev ein kombinasjon av teoretiske og praktiske studium. Praksis blir gjennomført i femte eller sjette semester. I tråd med kravet i forskrifta gir programmet studentane breiddekompetanse i dei fire kunnskapsområda, og dessutan moglegheit for spesialisering gjennom fordjuping i valemne og gjennom arbeidet med ei sjølvvald problemstilling for mastergradsoppgåva. Dei valfrie spesialiseringsemna er knytte til forskingsområde til dei vitskapleg tilsette ved instituttet. Det blir stilt krav til progresjon i studiet. Studenten ikkje kan levere masteroppgåve til sluttvurdering for alle andre emne er fullførte.

Praksis

Praksisstudium utgjer i tråd med § 17 i forskrifta 12 veker med 40 timar per veke. (her legg inn lenke til forskrifta § 17).

I praksisstudia skal studentane øve på ferdigheiter og leiing av oppgåver i praksis, og praksisen skal innrettast slik at studenten oppnår det fastsette læringsutbyttet. Praksisstudia skal bidra til å auke kompetansen i å observere, kartleggje, analysere og handtere ulike pasientsituasjonar, rettleie pasientar, brukarar og anna helsepersonell i leiing av kliniske pasientsituasjonar og gjennomføre endringsarbeid og samarbeid med andre tenester.

Timane i praksis omfattar både nærvær på praksisplassen, teoretiske studium og førebuingar og akademiske oppgåver som er direkte relaterte til praksisen. Læringsplanen for emne 6: praksisemnet spesifiserer ytterlegare læringsutbytte, rammer og andre krav for praksisen.

Praksisen kan gjennomførast på eigen arbeidsplass eller andre praksisplassar som blir godkjende høgskulen. Studentane får rettleiing på praksisplassen av fagfolk som har den kompetansen forskrifta krev. Rettleiaren kan vere ein sjukepleiar med relevant spesialkompetanse eller ein lege. HVL tilbyr relevant rettleiarutdanning for rettleiarane. HVL vil inngå avtalar med dei ulike praksistilbydarane i tråd med kravet i forskrifta.

Godkjenning av praksis krev 90 prosent oppmøte.

Arbeidsformer

Undervisningsmetodar
Studiet er planlagt som eit deltidsstudium med oppstart hausten 2022 og med to klassar, ein i Førde og ein i Stord/Haugesund. Studentane blir tatt tekne opp på dei to studiestadene, men høyrer til same kull og er del av eit større læringsmiljø på tvers av campusane. Samtidig vil studentane ha fast tilhøyrsel til den campusen der dei er tekne opp. Studentane skal ha felles samlingsveker og felles arbeidsformer. Undervisninga er samlingsbasert. IKT-basert undervisning vil vere sentralt. Det gjer det mogleg å leggje til rette for studentaktive arbeidsformer når studentane møtest på campus.

To av emna er nettbaserte. Dette er emne 2 «MAMET1SKA Vitskapsteori, etikk og metode» og emne 4 «KAS520 Leiing, samhandling, tenesteutvikling og innovasjon». Forelesingane er digitale. I begge emna vil det bli halde regelmessige nettmøte. Det blir gjennomført digitale seminar med presentasjon i grupper og med tilbakemeldingar frå medstudentar og lærarar. Emnet MAMEt1SKA tilbyr dessutan undervisningsvideoar.

Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for studiet og relevante metodar. Studenten vil få møte ulike arbeidsformer. Arbeidsformene er valde med tanke på at studentane skal nå læringsutbyttet, at den faglege samhandlinga mellom studentane og mellom studentane og fagmiljøet skal bli så god som råd, og at studentane skal utvikle seg til å bli sjølvstendige. Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga er at vi kombinerer teoretisk og praktisk kunnskap for å førebu studentane til rolla som allmennsjukepleiar.

Arbeidsformer i studiet

  • Seminar og gruppearbeid. Seminar vil vere sentralt. Desse vil gå føre seg på campus og som nettsamlingar. Seminar og gruppearbeid vil gi moglegheit til drøfting av sentrale faglege og teoretiske perspektiv i emna og vil ta utgangspunkt i studentinnlegg, både munnlege og skriftlege. I tillegg til den tilrettelagde undervisninga og gruppearbeidet blir studentane oppmoda om å lage kollokviegrupper.
  • Forelesingane vil gå føre seg både fysisk på campus digitalt. Forelesingane vil ta utgangspunkt i, gi oversikt over og gjennomgå faglege perspektiv, sentrale problemstillingar og litteratur om emnet. I tilknyting til forelesingane vil det bli lagt opp til dialog med faglæraren og studentane imellom om sentrale problemstillingar.
  • Ferdigheitstrening, simulering og kritisk refleksjon. Det blir gjennomført øvingar på utdanningsinstitusjonen, til saman seks veker a 40 timar (forskrift § 17). Øvingane blir gjennomførte som ferdigheitstrening og simulering i skulen sine øvingslokale. Simulering blir gjennomført som trening både i mindre og avgrensa ferdigheiter og i samansette ferdigheiter. Simuleringa blir lagt opp slik at studentane møter realistiske pasientsituasjonar tilpassa studieprogresjonen og læringsutbyttet i det aktuelle emnet. Både simulering og praksis blir lagt opp med teoretiske førebuingar.
  • Studentane skal tileigne seg både kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse gjennom arbeidet med dei skriftlege oppgåvene. Studentane får rettleiing frå faglæraren i dette arbeidet. Det vil bli lagt opp til at medstudentar gir respons på utkast til skriftlege arbeid i seminar. Obligatoriske arbeidskrav blir knytte til tematikken til emnet og utforma i tråd med læringsmåla og progresjonen i studiet. Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende før studentane kan ta eksamen i emnet. Arbeidskrav blir vurderte som godkjende / ikkje godkjende.
  • Studiestrukturen gir moglegheit til fordjuping i klinisk innretta valemne og dermed såkalla djupnelæring i det valde emnet, det vil seie å utvikle forståing av omgrep og samanhengar og evne til kritisk analyse, problemløysing og refleksjon. Det er stort behov for denne djupnekunnskapen innanfor det mangfaldet av kliniske problemstillingar studentane vil møte i den nye yrkesrolla.
  • Rettleiing. Studentane vil få rettleiing på arbeidskrav. Studentane får oppnemnt ein rettleiar som vil følgje dei gjennom heile arbeidet med masteroppgåva.
  • Sjølvstudium. Sjølvstudium av pensum og sjølvvald litteratur er ein stor del av utdanninga, og studentane vil bli oppmoda til å lage kollokviegrupper.

Vurderingsformer

I studiet blir det brukt ulike vurderingsformer tilpassa læringsutbyttet og dei ulike kunnskapstypane. Summativ vurdering blir brukt for å dokumentere oppnådd læringsutbytte ved slutten av emnet, og vurderingsformer med formativt tilsnitt blir brukte for å gi studenten tilbakemelding undervegs i studieløpet som støtte til vidare læring. Praktiske studium blir vurderte som beståtte / ikkje beståtte. Vurderingsordningane er forankra i forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet.

Det blir nytta både bokstavkarakterar i skalaen A til F og bestått / ikkje bestått. Emneplanar inneheld beskriving av tilhøyrande vurderingsformer og vurderingsuttrykk. Alle eksamenar må vere beståtte før studenten kan levere masteroppgåva til sensur.

Krav til studieprogresjon

Studenten kan ikkje levere masteroppgåva til sluttvurdering før alle andre emne er fullførte.

Internasjonalisering

Høgskulen på Vestlandet har brei satsing på internasjonalisering. For studentar på avansert klinisk sjukepleie blir det lagt til rette for studentutveksling i 5 og 6. semester.

Studiet har utvekslingsavtalar innanfor Ersamus-nettverket og samarbeidsavtalar med institusjonar i Storbritannia.

Opptakskrav

Fullført bachelorgrad i sjukepleie eller tilsvarande sjukepleiarutdanning med eit vekta karaktersnitt på minst C

Autorisasjon som sjukepleiar i Noreg og minimum to års klinisk praksis i 100 prosent stilling i løpet av dei siste 6 åra. Alternativ klinisk praksis kan vurderast