barnehage

Barns språkutvikling og språklæring

Etter- og vidareutdanning

Jobbar du i barnehage, og vil lære meir om korleis du kan stimulere barn si språkutvikling? I dette studiet lærer du om barns språklege utvikling og om språkstimulering gjennom leik, høgtlesing og samtale. Vi har eit særleg fokus på barn som strevar med språkutviklinga og barn med norsk som andrespråk.

Gjennom studiet lærer du om

  • språkutvikling og fleirspråkleg utvikling hjå barn
  • barn med språk- og kommunikasjonsvanskar i barnehagen
  • kartlegging og observasjon av barns språkutvikling og barnehagens språkmiljø
  • språkstimulering

Det er fire arbeidskrav i løpet av året. Dei er knytt til utvikling av eigen praksis, fagtekst om språkvanskar og eit digitalt arbeidskrav om fleirspråkleg utvikling.

Samlingar 2022-2023

  • 7.-9. september 
  • 16.-18. november
  • 18.-20. januar 
  • 29.-31. mars 

Alle samlingane går frå onsdag kl. 11.15- fredag kl. 13.00.