ØKB3123 Human Resource Management
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Verda er i konstant endring, og dette gjeld også for næringslivet. Fokus på berekraft, teknologisk utvikling og globalisering gir endringar i omgjevnadene våre som t.d. automatisering av arbeidsplassar. Nye stillingar blir oppretta og det trengst fleire kunnskaps- og servicemedarbeidarar. Dette påverkar også HR-fagfeltet til å måtta vere dynamisk.
I dette emnet får du ei innføring i kva HR er gjennom ulike aktivitetar, innspel og caseoppgåve. Vi lærer ulike tilnærmingar til korleis HR pregar organisasjonar og kvifor HR blir kalla hjartet i alle bedrifter. HR må vere i førarsetet, må handtere endring og omstilling. Vi har fokus på ulike delar av HR-fagområdet, særleg innanfor leiing, rekruttering, motivasjon, HMS og kompetanseutvikling.
Læringsutbytte
Kunnskaper:
Du.
- har kunnskapar om HR-fagets historie og utvikling, sentrale omgrep, hovudretningar og strategiar
- har innsikt i evidensbasert HRM, her under konkrete HR-aktivitetar knytt til planlegging, tilegning og utvikling av tilsette
- har kunnskap om effektar av ulike HR-tiltak, og innsikt i forholdet mellom tiltak, HR strategi og styring
- har innsikt i ulike institusjonelle forhold og trekk ved omgjevnadene som kan verke inn på korleis HR-arbeidet blir tatt vare på.
Ferdigheiter
Du:
- har utvikla ferdigheiter i å planlegge, analysere og sette i verk HR-aktivitetar
Generell kompetanse
Du:
- kan vurdere nytten av ulike HR-tiltak
- kan bidra med innspel i utforming og gjennomføring av konkrete HR-tiltak
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
BØA112 Organisasjon og leiing
Undervisnings- og læringsformer
Førelesningar, gruppearbeid, seminar, diskusjonar.
Obligatorisk læringsaktivitet
To obligatoriske læringsaktivitetar:
- Skriftleg innlevering (gruppe)
- Munnleg presentasjon (gruppene presenterer i klassen)
Vurderingsform
Skuleeksamen, 4 timar. Eksamen blir halden på digitalt eksamenssystem.
Karakterskala A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel