ØKB2008 Skatterett 2

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet skal gi studenten kunnskap om skatte- og avgiftssystemet, irekna utrekning av skatt og avgift for næringsdrivande. Emnet omfattar i hovudsak:

Alminnelig inntekt i næringsverksemd, irekna skattepliktige drifts- og kapitalinntekter og drifts- og kapitalkostnadar med rett til frådrag, skattepliktige kapitalgevinstar og kapitaltap med rett til frådrag, samt underskot i næring.

Utrekning av personinntekt i enkeltpersonføretak, irekna føretaksmodellen og bruttoskatt av utrekna personinntekt

Skattlegging av aksjeselskap og aksjonærar, irekna fritaksmodellen og aksjonærmodellen, samt likvidasjon m.v.

Skattlegging av deltakarlikna selskap, irekna deltakarmodellen, og utrekning av gevinst/tap ved sal av andelar.

Prinsipp i norsk meirverdiavgiftslovgiving

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten:

  • Har kunnskap om skatte- og avgiftsreglane (meirverdiavgift) knyta til næringsverksemd og selskap
  • Har kjennskap til kva slags transaksjonar og hendingar knyta til eigarskap og eigenkapital som kan medføre skattelegging
  • Har kunnskapar om skattemessige verknadar av opphøyr av verksemd og likvidasjon av selskap
  • Kjenner til reglar for utrekning av arbeidsgivaravgift
  • Har kunnskap om fastsetting av formue for ikkje-børsnoterte aksjar og andelar i ansvarlege selskap
  • Kjenner til relevante reglar om frådrag i utlikna skatt
  • Kjenner til hovudprinsipp for fastsetting av inngangsverdi for eigedeler tatt imot som gåve eller arv
  • Har kunnskap om skatteplanlegging
  • Har kunnskap om grunnleggande likningsforvaltningsrett og skattebetaling og sentrale reglar for tilsidesetting

Ferdigheitar

Studenten:

  • Kan avgjere kva som er skattepliktige inntekter, kostnader med rett til frådrag, samt gjera korrekt tidfesting av postane for utrekninga av alminneleg inntekt (EPF, AS, ANS)
  • Kan utrekne skattekostnad, betalbar skatt og utsett skatt for aksjeselskap
  • Kan fastsette grunnlag for skattelegging av aksjonærar (Aksjonærmodellen og Fritaksmetoden), deltakarar i ansvarlege selskap (Deltakarmodellen) og innehavar av enkeltpersonføretak (Føretaksmodellen)
  • Kan skattemessig handsame omdanning av EPF til AS
  • Kan vurdere skattemessige verknadar ved overdraging av verksemd
  • Kan vurdere meirverdiavgiftsmessige høve i ei verksemd
  • Kan meirverdiavgiftsmessig handsame alminnelige transaksjonar
  • Kan gjere etiske refleksjonar rundt skatteplanlegging

Generell Kompetanse

Studenten:

  • Kan tileigne seg oppdatert kunnskap innanfor kunnskaps- og ferdigheitsområder nemnd ovanfor og kunnskap om andre områder innan faget
  • Kan formidle sentralt fagstoff gjennom relevante uttrykksformer og kan utveksle synspunkt og røynsler med andre fagpersonar
  • Kan sjå emnet i ein større samfunnssamanheng

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

ØKB2006 Skatterett I

ØKB3117 Videregående Finansrekneskap

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, oppgåveløysing i plenum samt rettleiing i samband med større oppgåver.

Arbeidskrav

Ingen

Vurderingsform

Heimeeksamen (individuell), 10 dager, 30%

Skriftleg eksamen, 4 timar, 70%

Ein må bestå begge delane

Karakterskala A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Del I, heimeeksamen (individuell): Alle trykte og skrivne hjelpemidlar er tillete

Del II, skriftlig eksamen: Høgskulens kalkulator (Texas TI 84) vert utdelt, Skattelovsamling med forskrifter

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • JU6-1002 (1) - Skatte- og avgiftsrett 2 - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØBR112 (1) - Skatte- og avgiftsrett II - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • SA040 (5) - Skatterett (revisor) - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • SA040 (1) - Skatterett (revisor) - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • ØKB033 (1) - Skatterett II - Reduksjon: 6 studiepoeng
  • ØKB2033 (1) - Skatterett II - Reduksjon: 6 studiepoeng