ØKB3111 Bacheloroppgåve (Regnskap)

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Oppgåva skal omhandla problemstillingar som har tilknyting til det økonomisk/ administrative fagområdet innan reknenskapsføring. Oppgåva skal primært knytast opp til praktiske problemstillingar eller utfordringar i bedriftar eller offentlege etatar.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten:

  • Har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innan dei økonomisk/administrative fagområda.
  • Kan utøve ei kritisk forståing til kunnskap innan dei økonomiske/administrative fagområda.
  • Kan utgreie ei konkret fagleg problemstilling.

Ferdigheiter

Studenten:

  • Kan vidareutvikle og bruke den kunnskapen ho/han har lært seg i form av ei praktisk problemstilling, eller utfordringar i bedriftar og/eller offentlege etatar.
  • Kan oppdatere allereie tillært kunnskap og innhente relevant forsknings- og utviklingsarbeid.
  • Kan setje teoriane inn i ein større samanheng.
  • Kan meistre relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer.

Generell kompetanse

Studenten:

  • Har utvikla innsikt i relevante problemstillingar innan det økonomisk/administrative fagområdet.
  • Kan planlegge og gjennomføre tilsvarande prosjekt.
  • Kan formidle problemstilling(ar), teoriar og resultat av oppgåva både skriftleg og munnleg.

Krav til forkunnskapar

Det blir krevd minst 100 sp innan økonomisk/administrativt fagområde før oppstart av 5. semester for å få skrive bacheloroppgåva, samt bestått emnet ØKB2124 Samfunnsvitenskapelige metode eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

Fullført alle obliatoriske 1. og 2. års emne

Undervisnings- og læringsformer

Studentane starter arbeidet med bacheloroppgaven i august hausten før innelverng av bacheloroppgaven den påfylgjande våren. Det vert arrangert obligatoriske seminar og arbeidsøkter.

Studentane blir oppfordra til å løyse oppgåva i grupper på 3-4 personar. Studentane vil få rettleiing etter behov. Før oppstart av arbeidet skal rettleiaren godkjenne problemstillinga oppgåva rettar seg inn mot.

Studentane blir oppfordra til å undersøke om det går an å løyse oppgåva saman med studentar frå ingeniørutdanning eller maritim utdanning.

Arbeidskrav

Ja. Innleveringar både haust og vår.

Vurderingsform

Prosjektoppgave, 100%

Karakterskala A-F

Vurderinga skjer av den innleverte bacheloroppgåva, ein munnleg presentasjon og ein munnleg eksaminasjon. Karakteren er ei samla vurdering av den skriftlege og munnlege prestasjonen.

Der flere kandidater leverer ei bacheloroppgåve saman, må alle kandidatane delta på munnleg presentasjon og eksaminasjon. Dei får ein felles, samla karakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel