ØKB3120 Rettslære

Emnebeskriving for studieåret 2018/2019

Innhald og oppbygging

Emnet skal gje studenten innføring i juridisk metode og utvalte generelle privatrettslige emnar og problemstillingar. Emnet skal gje studenten innsikt i dei alminnelege rettslege rammene for utøving av næringsverksemd og de rettsregler som er av særlig betyding for organisering og utøving av slik verksemd. Faget er delt etter føljande rettsområde:

  • Den juridiske vitskaps metode; metanormane for å finne frem til, og bruke rettsreglene, metodelære er også omtalt som rettskjeldelære. Forstå og tilegne seg kunnskap om prosessen bak det å finne frem til ein rettsregel, tolking av rettsregler, samt begripe korleis rettsregler vert brukt på konkrete, føreliggjande problemstillingar.
  • Avtalerett: avtaleinngåing, avtaletolking og ugyldige avtalar, då med særlig vekt på om, og når det er inngått ein bindande avtale.
  • Kjøpsrett, med vekt på mislighald, mangelsomgrepet og verkingar av kontraktbrot slik som mangelsverknader, særlig heving.
  • Pengekravsrett. Prinsipp for stiftelse, overdraging, sikring og bortfall av pengekrav. Her handsamar ein dei alminnelige reglar om forsinka betaling, motregning, bortfall ved innfriing og forelding. Gjeldsbrevlovens regler om omsetningsgjeldsbrev og enkle gjeldsbrev gjennomgår ein overflatisk.
  • Panterett og sikkerheit. Gjennomgåing av pantelova, med oversikt over de ulike grupper av panteobjekt og de ulike pantsetjingsmåtar og grupper av panteobjekt. Regler om pantsetjing i næring og salgspant vert grundig gått gjennom. Ein går gjennom sentrale reglar i tinglysningslova.
  • Selskapsrett: Aksjeselskapslova. Hovudvekt på etablering av AS, styrets samansetning og vedtakskompetanse, og representasjon i selskapsforhold: fullmakt/prokura. Næringsverksemder sitt forhold til kreditorar og myndigheiter.
  • Insolvensjuss: Prinsipp for gjennomføring av ei konkurshandsaming. Ei samla framstilling av konkursretten, både prosessuelt og materielt, med særlig vekt på konkursvilkår og omstøytingsreglane, kva som inngår i buet og muligskapar til utlevering til og frå eit konkursbu. Enkeltforfølging vert handsama noko meir overflatisk.
  • Økonomisk kriminalitet: Straffbare økonomiske forhold og disposisjonar og straffevilkår. Straffeloven 2005, kap. 27, 30 og 31 (Heleri og kvitvasking, simpelt og grovt økonomisk utroskap, simpel og grov korrupsjon, kreditorvern (vekt på konkurs), rekneskapsbrott, simpelt og grovt skattesvik)

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten:

  • Har tilegna seg god forståing for, og oversikt over gjeldande rettsregler innan dei ulike rettsområda kurset tar opp og handsamar, sjå punktet ¿innhald¿ over.
  • Har kunnskap om generell juridisk metode og oppgåveteknikk.
  • Kjenner til grunnleggjande prinsipp om avtaleinngåing og avtaletolking.
  • Kjenner til grunnleggande kjøpsrettlige regler og verknader av kontraktbrott.
  • Kjenner til prinsipp for stiftelse, overdraging, sikring og bortfall av pengekrav.
  • Kjenner til de rettsregler som er av særlig betyding for utøving av privat næringsverksemd, mellom anna regler som har betyding for den interne organisering i verksemdene og regler for verksemda sitt forhold til kundar, andre kreditorar og offentlige myndigheiter.
  • Kjenner til vilkåra og prinsippa for gjennomføring av en konkursbehandling.
  • Har kunnskap om straffbare økonomiske forhold og disposisjonar og straffevilkår.

Ferdigheiter

Studenten:

  • Kjenner igjen eller identifisere juridiske problemstillingar og rettsspørsmål innan dei ulike fagdisiplinane.
  • Kan bruke gjeldande rettsregler for å løyse og svare på dei rettslige problemstillingar som vert reist innan de ulike fagdisiplinane.
  • Kan formulere en rettslig problemstilling basert på aktuelle rettsregler og eit konkret, praktisk fall.
  • Kan formidle sentralt fagstoff gjennom relevante uttrykksformer

Generell Kompetanse

Studenten :

  • Er i stand til å forstå og delta i diskusjonar over rettslige emne. Studenten skal kunne grunngje og forsvare bestemte rettslige løysningar, men samtidig sjå at ein og same problemstilling iblant kan ha alternative svar. 
  • Kan tilegne seg ny kunnskap innan rettsområda nemnd øver og kunnskap om andre rettsområde som har betyding for rekneskap og revisjonsarbeid
  • Kan reflektere over etiske problemstillingar innanfor de relevante rettsområda.
  • Kan sjå emnet i en større samanheng i eit samfunnsmessig perspektiv.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar og vegleding i tilknyting til oppgåveløysning er ein del av førelesningane. Studentane må i tillegg tilegne seg deler av faget ved sjølvstudium. Studentane kan med fordel danne studiegrupper der dei løyser oppgåver og diskuterer faglige problemstillingar i fellesskap.

Arbeidskrav

Ingen

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 timar, 100%

Nasjonal eksamen

Karakterskala A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Noregs lover

Fagleg overlapping

  • ØKB030 (1) - Rettslære II (revisor) - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØKB2030 (1) - Rettslære II - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • Ø15 (1) - Rettslære I - Reduksjon: 2 studiepoeng
  • SA021 (1) - Rettslære I - Reduksjon: 2 studiepoeng
  • ØKB052 (1) - Forretningsjus - Reduksjon: 2 studiepoeng
  • ØKB2002FORØK (1) - Forretnings- og arbeidsrett - Reduksjon: 2 studiepoeng
  • ØKB3116 (1) - Forretnings- og arbeidsrett - Reduksjon: 2 studiepoeng
  • ØKB2052 (1) - Forretnings- og arbeidsrett - Reduksjon: 2 studiepoeng