Hopp til innhald

ØKB1112 Organisasjonsteori

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Emnet gjev ei innføring i dei mest sentrale tema og perspektiva innan organisasjonsteorien.Sentrale tema og perspektiv er mål, strategi og effektivitet i organisasjonar, organisasjonsstruktur, organisasjonskultur, makt og konflikt, organisasjon og omgivnader, motivasjon og yting, kommunikasjon, beslutningsprosesser, læring og innovasjon, og endring i organisasjonar.

Læringsutbytte

Studenten:

  • Kan gjere greie for ulike organisasjonsteoretiske perspektiv
  • Kan identifisere på begrepsnivå grunnleggjande organisasjonsprosessar som målsetjings-, beslutnings-, kommunikasjons- og informasjonsprosessar
  • Kan gjere greie for kva som meines med formell og uformell organisasjonsstruktur
  • Kan gjere greie for begrepet organisasjonskultur og korleis dette kjem til syne i organisasjonar
  • Kan forklare fenomen som makt, maktbasar, kontrollmekanismar og konfliktar i organisasjonar
  • Kan gjere greie for motivasjons- og belønningsteoriar
  • Kan gjere greie for læring og endring på individnivå og organisasjonsnivå
  • Har kjennskap til etiske dilemma i organisasjonar
  • Kan gjere greie for kva organisasjonar sitt samfunnsansvar kan innebere

Studenten:

  • Kan anvende ulike teoretiske tilnærmingar og perspektiv i høve til organisasjonar sine verkemåter
  • Kan reflektere omkring eigne val av teoretiske tilnærmingar i analysar av organisasjonar
  • Kan bruke analytisk tenking i høve til nåverande og framtidig organisasjonsdeltaking

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

-

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, individuell tileigning av fagstoffet, arbeid med obligatorisk studiekrav i grupper

Obligatorisk læringsaktivitet

Ja, innleveringsoppgave, spesifiseras i semesterplanen ved semesterstart.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 5 timars , 100%

Karakterskala A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemidler tillatt

Meir om hjelpemiddel