ØKB3122 Strategisk økonomistyring og kontroll
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Kurset introduserer viktige idéar, omgrep og verktøy for strategisk økonomistyring og kontroll. Vi fokuserer på å samkøyre økonomistyring og kontrollsystem med organisasjonen sin strategi og diskuterer rolla økonomistyring har for implementering av strategien. Emna for refleksjon inkluderer endringar i økonomistyringa si rolle og dei mulege negative effektane av prestasjonsmålings- og beløningssystem.
Læringsutbytte
Studenten:
- Kjenner skilnaden mellom operasjonell og strategisk økonomistyring og forstår kva strategisk økonomistyring har å seie for ei verksemd sin varige suksess.
- Kjenner til endringar i rolla til kontrollaren i verksemder og andre typar organisasjonar.
- Kjenner hovudkonsepta og verktøya som blir brukt i strategisk økonomistyring og kontroll.
- Har kjennskap til spesifikke kritiske spørsmål innan økonomistyring og kontrollsystem, særleg problem innanfor tradisjonell budsjettering og incentivsystem.
Studenten:
- Kan bruke dei mest vanlege instrumenta innanfor strategisk økonomistyring for å evaluere ein organisasjon si yting og for å støtte strategiske avgjerder.
- Kan bruke teknikkane innanfor målkostnadskalkulering.
- Kan gjere finansielle ytingsmålingar.
- Kan utforme og bruke balanserte målstyringsverktøy for prestasjonsevaluering.
Studenten:
- Forstår forholdet mellom økonomistyring og kontrollsystem og verksemda sin strategi.
- Kan vurdere om spesifikke økonomistyringsverktøy er eigna og bidreg til å støtte leiinga i bestemte situasjonar.
- Forstår kva krav kontrollaren står overfor i organisasjonar.
- Kan reflektere over funksjonelle og dysfunksjonelle effektar av prestasjonsmålingssystem.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Haust
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga er intensiv over to veker og basert på førelesingar, gruppearbeid og studentpresentasjonar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Muntleg presentasjon i seminarveke to
Vurderingsform
Prosjektoppgåve 50%
Skriftleg eksamen 50% 4 timar
Karakterskala A - F
Hjelpemiddel ved eksamen
Del 1, Prosjekt; Alle hjelpemidler tilletne
Del 2, Skriftleg eksamen; ordbok- 2.språklig
Høgskulens kalkulator (Texas TI 84) blir utdelt
Meir om hjelpemiddel