ING3108 Marintekniske løysingar
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Emnet gir ein introduksjon til tre ulike tema som har høg relevans for den lokale industrien i Sunnhordland; røyrkonstruksjon, aluminiumkonstruksjonar og hydrauliske system. Studentane vil blant anna jobba med spesielle case og oppgåver som er utarbeida i tett samarbeid med industrien.
Studentane har bakgrunn som fagarbeidarar i industrien. Dei har difor generelt gode kunnskapar om og ferdigheiter på fabrikasjonsprosess og produksjonsmetodar.
- Designprosessen: designkriterier iht Trykkdirektivet (PED), røyrarrangement, spenningsberekningar (inkl. statiske og dynamiske laster og design av røyroppheng), ulike standardar/specer for røyr og røyroppheng og materialval (inkl. ventilar, flensar og røyrdelar).
- Fabrikasjons-Engineering: metode, produksjonsvennlege konstruksjonar, lesing/tolking av teikningar (iso-/supportteikningar), jobbpakkar og IT-system.
- Fabrikasjonsprosessen: forståing av prosessen, ulike avhengighetar (internt i fabrikasjonsprosessen og i verdikjeda), metode, dokumentasjon og forståing for kost/inntekt.
- Designprosessen: scopeavklaring, kalkulasjonar, modell, teikning og dokumentasjon
- Arbeidsførebuing: materialstyring, jobbpakkar og sveisedokumentasjon
- Fabrikasjon: prefabrikasjon, samanstilling, installasjon, inspeksjon og MC
- Hydrauliske system/kretsar: enkle system/kretsar, teikningar og standardar
- Typiske hydrauliske komponentar: pumper, ventilar, sylindrar, tankar, filter, roterande motorar og aktuelle akkumulatorar
- Enkle berekningar/dimensjonering: pumpekapasitet, fortrengingsvolum, verknadsgrad og effektberekningar
Læringsutbytte
Studenten:
- har kjennskap til røyrdesignprosessen, deriblant bruk av standardar, design-kriterier og materialar
- har kjennskap til viktige moment innafor fabrikasjons-engineering i røyrkonstruksjon, slik som metode, produksjonsvennlege konstruksjonar, isometriske teikningar, pipesupport, test-isoar, jobbpakkar og ulike IT-system
- har kjennskap til røyr-fabrikasjonsprosessen (prefabrikasjon, installasjon og trykktesting), i tillegg til ulike avhengighetar, metode, dokumentasjon og kostnadsperspektiv
- har kjennskap til dei viktigaste føremonene og ulempene med aluminium som materiale, og kjenner til ulike korrosjonstiltak mot andre materiale
- har kjennskap til regelverk for aluminium (design & fabrikasjon), kjenner leveranse frå design via arbeidsførebuing til fabrikasjon og kjenner til typiske dokumentasjonskrav i heile prosessen
- har grunnleggjande kunnskapar om komponentar og reguleringsutstyr som blir brukt i hydrauliske system og korleis desse kan setjast saman til funksjonelle system
- kan gjera greie for regulering av pumpekapasitet i hydrauliske system
Studenten:
- kan forklara produksjonsprosessen i røyrkonstruksjon frå design til fabrikasjon
- kan vurdera om det er teke omsyn til gjeldande produksjonsmetodar ved design av røyrkonstruksjonar
- kan vurdera viktige moment i produksjonsprosessen av røyrkonstruksjonar ved utarbeiding av jobbgrunnlag
- har grunnleggjande ferdigheiter i teikningslesing
- kan angi den aktuelle produksjonsrekkefølgja i røyrkonstruksjonar, og grunngje denne
- kan planleggja design av ein aluminiumskonstruksjon og ser aluminiumsdesign i lys av kundekrav og interne krav / plassbehov frå andre fag
- kan vurdere material-/profilval og kjenner til viktigheita av materialstyring/oppfølgjing
- kan integrere fabrikasjonsvenlege løysingar i design
- kan designa enkle hydrauliske system med basissamansetning
- kan dimensjonera enkelte hydrauliske komponentar som inngår i systemet
Studenten:
- kan reflektera over eige arbeid i eit team, samt planleggja arbeidsoppgåver over tid
- kan identifisera løysingar på problemstillingar innafor fagområdet, bidra til fagleg diskusjon rundt betyding og konsekvens av desse løysingane og leggje fram resultata skriftleg og i form av munnleg presentasjon i plenum
- kan ved hjelp av fagkunnskap setja seg inn i nye produksjonsprosessar og standardar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Fysikk, Statikk og fastleikslære, Maskinkonstruksjon I, Materiale og tilverknad, Varme- og strøymingslære.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, oppgåveløysing, "case" knytt til problemstillingar frå lokale industriaktørar, gruppearbeid.
Studiet er lagt opp som eit samlingsbasert studium med vanleg undervisning (førelesningar, rekneverkstader, lab-øvingar og liknande) kvar tredje veke. I dei to vekene mellom kvar undervisningsveke vert det lagt opp til sjølvstudium og ein del nettbasert undervisning.
I spesielle tilfelle kan undervisninga bli gitt av engelskspråkleg førelesar/gjesteforelesar. Eksamen vil likevel bli gitt på norsk.
Delar av undervisninga kan bli gjennomført i Haugesund.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ja. Desse vil bli spesifisert i undervisningsplanen ved semesterstart.
Vurderingsform
Del 1: Prosjekt, tel 50 % på endeleg karakter.
Del 2: Munnleg eksamen, tel 50 % på endeleg karakter.
Begge delane må vere greidd.
Gradert karakter A - E / F (stryk).
Hjelpemiddel ved eksamen
Del 1, prosjekt: alle hjelpemiddel.
Del 2, munnleg eksamen: Høgskulen sin kalkulator (Casio fx-82 Es) vil vera tilgjengeleg for bruk under eksamen.
Meir om hjelpemiddel