Mann som jobber med maskinteknikk

Maskin for fagskuleingeniører

Bachelor

Har du toårig teknisk fagskule innan maskinteknikk? Bli maskiningeniør på berre to år!  

Det blir ikkje tatt opp nye studentar på maskin for fagskuleingeniører i 2024.

Stord

Hopp til

    Kvifor studere maskiningeniør?

    Maskiningeniøren designar, produserer, driftar og vedlikeheld produkt og produksjonsutstyr. Ein maskiningeniør utviklar også arbeidsmetodar for å produsere og styre produksjonsprosessar. Utdanninga i maskiningeniør er bygd opp i nært samarbeid med industrien i nærområdet, og yrkesvegane er mange for den allsidige maskiningeniøren

    Kven passar utdannninga for?

    Maskiningeniør for fagskuleingeniørar passar for deg som ønskjer å kombinere utdanning med ei redusert stilling. Det er spesielt tilpassa for deg som har godkjend toårig teknisk fagskule, og er bygd opp med utgangspunkt i maskinteknikkstudiet til Fagskolen Vestland. 

    Som søkjar vil du få ei individuell vurdering på kor godt utdanninga din passar inn i denne ingeniørutdanninga. Dersom du ikkje tilfredsstiller innpass av totalt 60 studiepoeng frå fagskulen, kan du bygge på med eitt eller fleire emne frå maskiningeniørutdanninga vår i Haugesund eller Bergen.

    I tillegg til toårig teknisk fagskule, må du kunne dokumentere kunnskapar tilsvarande Matematikk R1 + R2 og Fysikk 1. Dersom du manglar desse, kan du ta kontakt med oss for informasjon om måtar å kvalifisere deg på.

    Du kan studere maskin for fagskuleingeniørar ved campus Stord. Ved campus Haugesund og campus Bergen kan du utdanne deg til maskiningeniør i eit vanleg treårig løp. 

    Korleis er studiet lagt opp?

    Studiet er spesielt tilrettelagt for deg som er i arbeid ønskjer å kombinere utdanning med ei redusert stilling. Det er lagt opp til at du tek 30 studiepoeng kvart semester.

    Studiet er samlingsbasert med undervisning på campus kvar tredje veke. Mellom samlingane er det lagt opp til ein del nettbasert undervisning og sjølvstudium. Studiet stiller høge krav sjølvstende og eigenaktivitet utover organsiert undervisning. 

    Samlingar hausten 2023 er i veke 34, 36, 39, 42, 45. 

    Siste semester skriv du bacheloroppgåve. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet. Bacheloroppgåva blir vanlegvis utført i små grupper.

    Undervisinga vil hovudsakleg gå føre seg på campus Stord, men det kan vere naudsynt å gjennomføre delar av undervisinga ved campus Haugesund.

    Sjølv om opplegget er tilpassa folk i arbeid, kan studiet passe like godt for deg som ikkje er i arbeid.

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

    Bilete viser studentar oppstilt på rekke framfor inngangen til campus Stord

    Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

    Les meir

    Vidare studium etter fullført utdanning

    Etter fullført bachelor i maskiningeniør kan du søke deg inn på følgande masterutdanningar på HVL:

    Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.