Hopp til innhald

ING3112 Prosjektarbeid i tverrfaglege team

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Emnet førebur studenten på arbeidssituasjonar som krev deltaking i tverrfaglege team for å løysa felles utfordringar og oppgåver. Ein vil ha fokus på metodikk for etablering og målretta styring av prosjektarbeid, samt kva føresetnadar som må tilfredsstillast for å kunna lykkast i sjølve gjennomføringa.

Innleiingsvis vil ein gjennomgå nokre fundamentale omgrep, metodar og betraktningar knytta til etablering og gjennomføring av prosjektarbeid. Deretter følgjer ei skildring av teamarbeid, med hovudfokus på teamroller og korleis slike roller påverkar teamet sitt arbeid.

Studentane vil bli delt i grupper som saman skal løysa ulike oppgåver, blant anna eit større utreiingsprosjekt og fleire praktiske øvingar. Undervegs i løpet må deltakarane svara på ein test som indikerer styrkar og potensial i aktuell gruppe. Kvar enkelt student vil også få ei individuell tilbakemelding, denne er konfidensiell og bare for studenten sitt eige bruk.

Læringsutbytte

Studenten:

  • kan gjera greie for viktige begrep og metodar for å definera, avgrensa og spesifisera prosjektarbeid:
    • systemtenking
    • "Stakeholders" og "Requirements"
    • "Top-down" og "Bottom-up"-betraktningar
    • livssyklusperspektiv
    • informasjonsmodellar  
  • kan gjera greie for kva som karakteriserer arbeid i sjølvgåande team:
    • kjenneteikn og karaktertrekk ved ulike roller
    • samansetjing av team
    • analyse og vurdering av team

 

Studenten:

  • kan nytta begrep og metodikk som avgrensar prosjektarbeid og gjer dei målretta
  • kan sjølv delta konstruktivt i teamarbeid, og kjenner til eigne styrkar og kva som skal til for å kompensera for eventuelle svakheiter
  • kan presentera løysingar på ein lettfatteleg og forståeleg måte for personar som ikkje har spesialkompetanse innan eige fagfelt
  • kan vurdera samansetjing av team og vil kunna foreslå korleis team skal styrkjast og eventuelt balanserast

 

Studenten:

  • har forståing for at gode løysingar krev samarbeid og innsats på tvers av fagdisiplinar
  • har forståing for at gode løysingar må tilfredsstilla rammeverk gjeldande for samfunn, miljø og økonomi, så vel som tekniske rammeverk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

God fagleg bakgrunn i studieretninga. Bør gjennomførast i siste semester av bachelorutdanninga.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, "case"-baserte oppgåver, teamarbeid.

Studiet er lagt opp som eit samlingsbasert studium med vanleg undervisning (førelesningar, rekneverkstader, lab-øvingar og liknande) kvar tredje veke. I dei to vekene mellom kvar undervisningsveke vert det lagt opp til sjølvstudium og ein del nettbasert undervisning.

I spesielle tilfelle kan undervisninga bli gitt av engelskspråkleg førelesar/gjesteforelesar. Eksamen vil likevel bli gitt på norsk.

Delar av undervisninga kan bli gjennomført i Haugesund.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ja. Desse vil bli spesifisert i undervisningsplanen ved semesterstart.

Vurderingsform

Mappe.

Gradert karakter: A - E / F (stryk).

Mappeeksamen består av innlevert gruppeoppgåve og rapport undervegs i semesteret, pluss individuell test.

Hjelpemiddel ved eksamen

-

Meir om hjelpemiddel