Hopp til innhald

ME6-1001 Statistikk

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Analytisk og beskrivande statistikk. Statistisk programvare er eit naudsynt hjelpemiddel.

Læringsutbytte

Etter fullført emne kan studenten:

  • dei mest grunnleggjande omgrepa innan statistikkfaget
  • forstå parametrisk statistikk
  • gjere greie for sannsynsrekning og kombinatorikk
  • utføre enkel sannsynsrekning
  • gjennomføre statistiske testar ved hjelp av tabellar
  • gjennomføre statistiske testar ved hjelp av SPSS
  • nytte både parametriske og ikkje-parametriske metodar for å analysere eit kvantitativt datamateriale
  • tolke datautskrifter i emnet statistikk
  • gjennomføre datainnsamlingar og analysere data
  • forstå prinsippet med statistiske testar
  • lese artiklar der statistikk vert nytta som metode
  • forstå sterke og svake sider ved statistiske analyser

Krav til forkunnskapar

Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, oppgåveseminar og dataøvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Inntil to skriftlege arbeidskrav som skal løysast individuelt eller i gruppe.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 timar.

Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovlege hjelpemiddel: kalkulator.

Stastistiske tabellar vert delte ut på eksamen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ME6-200 - Samfunnsvitskapleg metode og statistikk - Reduksjon: 13,5 studiepoeng
  • ME6-200 - Samfunnsvitskapleg metode og statistikk - Reduksjon: 3,5 studiepoeng
  • ME6-200 - Samfunnsvitskapleg metode og statistikk - Reduksjon: 3,5 studiepoeng
  • ME6-1003 - Statistikk - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • BØA115 - Statistikk for økonomar - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØKB1114 - Statistikk - Reduksjon: 7,5 studiepoeng