Hopp til innhald

MSAM513 Forskingsmetodar og kjeldekritikk

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Dette emnet er obligatorisk og vil gå i andre semester av studiet. Emnet skal gi kunnskap om fagets metodar, synleggjere samanhengar mellom undersøkingsopplegg og datainnsamling, og sette studentane på masterutdanninga i stand til å gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid. 

Emnet vil først fokusere på det vitskapsteoretiske grunnlaget for samfunnsvitskapleg forsking, med vekt på tema som subjektivitet, objektivitet, metodologisk individualisme og kollektivisme, refleksivitet og konstruktivisme. Deretter skal studentane arbeide med ulike metodiske tilnærminger med vekt på undersøkingsopplegg, gjennomføring av datainnsamling og metodiske utfordringar.

Sentrale undervisingstema:

  • Samfunnsvitskapleg forsking - vitskapsteoretisk forankring
  • Kvantitativ metode: fokus blir lagt på å bli kjent med kvantitative teknikkar og korleis desse blir brukt innan samfunnsvitskapleg forsking.
  • Kvalitativ metode: Her blir det lagt vekt på korleis ein kan planlegge og gjennomføre kvalitative forskingsintervju, spørreskjemaundersøkingar, observasjonar og tekstanalyser
  • Kjeldekritikk: studentane skal arbeide med ulike typar kjelder og øve opp ei refleksiv haldning til det kjeldekritiske apparatet.

Læringsutbytte

Ein kandidat som har fullført emne 5 skal ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kandidaten

  • har kjennskap til det vitskapsteoretiske grunnlaget for samfunnsvitskapleg metode.
  • har kunnskapar om ulike kvantitative og kvalitative metodar.
  • har kjennskap til forskingsetiske lover og retningsliner, samt god forskingspraksis.
  • har kjennskap til ulike teknikkar for datainnsamling, analyse og presentasjon av data.
  • har kjennskap til viktige databaser og arkiv

Kandidaten

  • kan lage eit undersøkingsopplegg for eige masterarbeid.
  • kan nytte relevante verktøy for innsamling og analyse av empirisk materiale

Kandidaten

  • kan sjå samanhengar mellom undersøkingsopplegg, datainnsamling og endeleg forskingsresultat, og gjere hensiktsmessige val av metode basert på desse samanhengane.
  • skal ha utvikla ei refleksiv haldning til kjeldekritikk

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga skjer som ein kombinasjon av førelesingar, sjølvstudium og diskusjon av tekstar og studentarbeid i seminar. Det vert sett krav til aktiv deltaking frå studentane i form av innlegg på seminaret. Studentane skal skrive ei prosjektskisse som presenterer opplegget for forskingsarbeidet dei skal gjennomføre i masteroppgåva. Under arbeidet med skissa skal deler av den takast opp til diskusjon i seminaret. Arbeidsformene legg stor vekt på problematisering, kritisk refleksjon og diskusjon.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane skal skrive ei prosjektskisse som presenterer opplegget for forskingsarbeidet dei skal gjennomføre i løpet av mastergraden. Skissa skal presenterast i seminar, og alle studentar er ansvarlege for også å kommentere medstudentars skisser. Retningsliner for skissa blir levert ut ved oppstart.

Godkjend arbeidskrav er gyldig i tre semester etter godkjenning.

Vurderingsform

Munnleg eksamen på inntil 45 min. med utgangspunkt i prosjektskissa, sjølvvalt og obligatorisk pensum.

Tid og stad for eksamen vert opplyst på emnets sider på Itslearning.

Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel